Gi en gave
Nettbutikk
Meny

Seniorhelg på Helgatun

Last ned
I sommar var det lang venteliste for å få plass på Seniorhelga på Helgatun, eit luksusproblem! Då helga starta 2.september var 52 deltakarar på plass!   Helgatun er bestilt til 25.-28.august 2022! 
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Songkveld med Lina Sandell som tema og Knut Risnes som vegvisar starta helga.  Rolf Ekenes, tidlegare Madagaskarmisjonær heldt to tankevekkande bibeltimar over tema: «Du skal elske Herren din Gud» og «Du skal elske din neste som deg selv». Han hadde også ansvar for misjonskvelden med tema «Til fryd og forskrekkelse. Misjon som forandringsbevegelse» illustrert med ord og bilete.
Etter mange års Seniorhelg har vi sett mykje av det vossabygdene har å by på. “Er det noko meir å sjå no?”, har vi tenkt. I år stod Sivlegarden for tur, for ein stad, for ein natur, for ei forteljing og for ein forteljar!
Festkvelden hadde også vosseinnslag: Ellen Marie Selland Geithung song og kveda og ho akkompagnerte seg sjølv på piano og på akkordion. Ho drog oss med inn i dei vakre tonar si verd. Kveldens kåsør heitte Nils Dagestad, med sterke røter i vossebygda, der hadde kåseriet sine røter, men vi vart tekne med til andre deler av landet, til Afrika og til Amerika. Fantastisk å følgja han!
Søndag er gudstenestedag også på Seniorhelga, Knut Sørheim var liturg og preika; offeret gjekk, ikkje overraskande, til Det Norske Misjonsselskap.
Helgatun ligg midt i eit vakkert turområde, noko som vart nytta til fulle av deltakarane. Praten gjekk livleg på tur, ved velsmakande måltid og i varme stover. Den gode atmosfæren og det førekomande personale gjorde opphaldet på Helgatun til ei god oppleving, også i år!

Helgatun er bestilt til 25.-28.august 2022!

Tekst og foto: Alvhild Vassel Eide

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp