Gi en gave
Meny

Saman som kyrkje i heile verda

Foto: May Lisbeth Hovlid Aurdal Last ned
I Sykkylven står ein gjerne på haudet, - for å kunne stå «Saman som kyrkje i heile verda»! Dei oppfordrar deg og din kyrkjelyd til å være med!
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Anna, du har sjølv bodd i Etiopia. Gir det deg nokon anna forståing av behovet for å stå «Saman som kyrkje i heile verda»?

Anna Myklebust, trusopplærar: Ja, det trur eg. Mitt bilde av kyrkja er veldig farga av godheit og liv som eg har opplevd blant kristne menneske i Etiopia. For meg er kyrkje absolutt noko heilt anna enn kjedeleg. Gud er god og nådig mot alle menneske som gjer kyrkja til noko av det beste vi kan oppleve i livet. Barna mine som er født i Norge veit kanskje ikkje kva ordet velsigning betyr, det kan virke gammaldags. Men det er kort sagt alle Guds gode gåver til oss her i livet. Det å få lov å faktisk kjenne Han som har skapt alt gjennom det Jesus har gjort for oss.

Å stå saman som kyrkje i heile verda, når livet blir snudd opp ned både for oss som har alt materielt, og for dei som har kjempelite av jordisk rikdom, blir naturleg når vi høyrer til same Gud. Samtidig trur eg at vi lett kan hoppe til eit usunt sjølvfokus når krisa kjem krypande. Å ta seg litt i nakken og få hjelp til å fokusere på kvarandre og ikkje berre på oss sjølve, trur eg er veldig forfriskande. Ja, rett og slett psykisk sunt i denne tida. Å vere med i SMM og eit internasjonalt kristent fellesskap gir rett og slett mykje inspirasjon for trua, og det meiner eg vi i Norge treng. Ein slik aksjon gjer dette mogleg å få til på ein enkel måte, t.d. ved å opprette ein Spleis i kyrkjelyden vår til misjonsprosjekt i Thailand.

Representantar frå lokal kyrkjelyd i Sykkylven: Anna Myklebust, trusopplærar og SMM, Therese Utgård Aas, sokneråd, misjonsutval og bispedømeråd, Emily Utgård Aas og May Lisbeth H Aurdal, soknerådsleiar.

Som trusopplærar;- har denne aksjonen noko med din jobb å gjere ?

Anna: Eg har ofte vanskeleg for å sette ting saman, gjerne fordi ting er delt i ulike aldersgrupper og samlingar. Eg trur at eg kan ha nytte av at kyrkja som fellesskap kan velge å fokusere saman. Det handlar litt om å bestemme seg for felles fokus, då er det mykje bra som kan bli gjort, både for vaksne og barn. Barn har jo veldig god rettferdssans, vi vaksne har mykje å lære av dei.

– Så flott Emily, at du som er 11 år er med på planlegginga. Er det noko du har lyst vi skal gjere? Noko du tenker vi kan finne på?

Emily Utgår Aas, 11 år: Eg synest det er fint å hjelpe barn i andre land, så dei kan få muligheten til å ha det like bra som oss her i Norge.

Det hadde vore kjekt å gjere noko som barna kan vere med på; t.d. misjonsløp, ha loddsalg og meir.  Det er viktig at også barna kan vere med å hjelpe andre barn.

– Therese, som medlem i misjonsutval, sokneråd, bispedømeråd, Kirkemøte og Kirkeråd. Kvifor syns du denne aksjonen har eit poeng?

Therese Utgård Aas: Det som er så fint med aksjonen, er at den set oss som kyrkje inn i ein større samanheng; som del av ei verdsvid kyrkje.

Og sjølv om mange i Noreg har det tungt no, psykisk, økonomisk og elles, minner aksjonen oss på at vi trass alt er heldige. Dei fleste av oss har eit sikkerheitsnett som fanger oss ved sjukdom og arbeidsløyse.

Det er fint å bli minna på at vi er i fellesskap med menneske i heile verda. Og at det framleis er mykje kreativt ein kan stille opp med, trass korona. Eg har tatt initiativ på Facebook til å donere fine handarbeid som vi kan bruke til innsamling for aksjonen, og responsen er umiddelbar god.

Vi oppfordrar deg og din kyrkjelyd til å være med!

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp