Gi en gave
Meny

Populær bibelundervisning

Foto: BSOE Last ned
Over 2 500 har deltatt i eit kursopplegg for bibelgruppeleiarar i Egypt dei siste par åra. Målet er å gi lekfolk gode reiskapar for djuptpløyande bibelstudier, men over 80 prestar har også vore med i opplegget. Kunnskapen er ikkje berre til eige bruk, men for å kunna undervisa andre og dermed styrka tru og tillit til Herren Jesus Kristus.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det er Bibelselskapet i Egypt som skriv om dette i sitt siste nyhetsbrev. Kursansvarleg er St Timothy Center for Inductive Bible Study i den koptisk ortodokse kyrkja. Det er ein enorm begeistring og motivasjon for å vera med på dette. Erfarne kristne som har undervist og leia grupper i mange år, får ny inspirasjon og pågangsmot.

Søndagsskulelærar Juliana seier det slik: «Det handlar ikkje berre om å læra fleire nyttige pedagogiske prinsipp, men det dreier seg om korleis anvenda det i praksis; korleis det kjem til å forandra kvardagen min og mitt forhold til både Gud og menneske.» Og ei nonne som er internatleiar for 65 kvinnelege universitetsstudentar uttrykker stor takk: «Det har vore så frustrerande at eg aldri klarte å samla jentene til kristent fellesskap, for dei har så ulike timeplanar. Men no skal eg begynna med fleire mindre grupper og bruka dei metodane me har lært her. Eg er så takksam!»

Bibelselskapet gir studiebibelen til alle deltakarane, og dei som i neste omgang begynner i gruppene får 75 % rabatt.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp