Gi en gave
Meny
Last ned

Plagg fekk nytt liv!

"Use your talents" var eit sentralt tema når 26 forventningsfulle damer kom til Kjeldsund i strålande haustver. I bagasjen hadde dei både symaskiner, stoff og klede som kunne bli til noko anna.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Møtesalen på Kjeldsund passa ypparleg til systove. Etter innstallering på koselege rom og inntak av nydeleg kveldsmat, gjorde vi oss klare til oppstart laurdag morgon.

I Misjonstidende hadde vi lest om «Use your talents», noko som blei tema for denne weekenden. Her valgte vi å sjå på muligheita for å redusere forbruk av tekstilar ved å sy om eller redesigne som det og kan kallast. Vi har kleskapa fulle av klede, og treng å minnast på å bli bevisste på eige forbruk.

Vi fekk kjekt besøk av Sophie Moke Meteke frå Kamerun. Ho er vikarprest på Averøy, og utdanna teolog frå Kamerun. Ikledd si flotte drakt fortalde ho oss om livet i Kamerun, og korleis det var for ei jente å ta høgare utdanning. Ranveig Kaldhol har nettopp vore i Kamerun og hadde også nytt å fortelje.

Mange plagg fekk nytt liv denne helga, og gardiner blei omsydde til kledelege bluser og kjolar.

Laurdagskvelden kom Ingrid Nerhol og Gunn Berit Osnes og ga oss eit tilbakeblikk med sang og forteljing om det å vekse opp på 50-60 talet. Mødrene dreiv absolutt redesign den gongen også. Då av heilt naudsynte grunnar.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp