Pinsa lever i Stangvik
Kyrkjebåten frå Hamnes blir møtt av prestane i Stangvik kyrkje denne pinsedagen. Foto: Rannveig Brøske
I pakt med tradisjonen samlast ålvundfjordingar, rindalingar, surnadalingar og kanskje halsabyggjer i Stangvika også denne søndagen.
Mange tradisjonar knyter seg til pinsegudstenesta i Stangvik. På gode ver-dagar vil fleire av kyrkjebåtane frå prestegjeldet følgje i fedres farvatn, noko som dei fekk til i år også.
Fleire frå kyrkjelyden venta på kyrkjebåten frå Hamnes med stø kurs mot Stangvikkyrkja. Kyrkjebåten vart møtt av prestane Pål Arne Winsnes og Lene Gåsvatn i Stangvik kyrkje denne pinsedagen.
Pinsa er kyrkja sin «fødselsdag» og minner om at Den heilage ande kom til folket. Og nettopp i Stangvik-kyrkja er Anden symbolisert ved ei due over preikestolen.
Med heile fem dåp vart det folksamt i benkane. Fiolinisten Elisabet Husby og ei forsongargruppe kasta glans over flotte pinsesalmar.
Misjonsprosjekt
Fellesskap pregar også det årlege takkofferet på pinsedagen. Det går nemleg som avtala til kyrkjelydane i Surnadal sine misjonsprosjekt med Det Norske Misjonsselskap (NMS) sitt samarbeid med kyrkjelydar i Etiopia. Ei god anledning til å sette fokus på misjonsavtalen samtidig som aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda» går av stabelen!
Misjonsavtale plakat i kyrkja med NMS og Etiopia. Foto: Bernt Bøe
Kyrkjebåtroing har prega pinsedagane i Stangvik – som her i 2010. Foto: Bernt Bøe
Landkjenning. Foto: Pål Arne Winsnes
Stø kurs mot støa. Foto: Ole Trygve Foseide.
Ein god del av kyrkjelyden venta på kyrkjebåten. Foto: Ole Trygve Foseide.