Strand kvinneforening 125 år
I 2010 var det Marit Eikemo Halsnes sin tur til å føre familietradisjonen og misjonsforeininga vidare. Dei gjekk då over til å møtast på kveldstid, og no er alle kvinnene mellom 50 og 80 år i bygda med! Marit fortel at dei har fast opplegg når dei møtest kvar månad i ein av heimane: Dei er glade i å synge, og «Sangboken» er flittig i bruk. Så brukar dei studieheftet som NMS gir ut kvart år, og bytast om å lese høgt. Det har dei gjort i mange år, og Marit skryter både av innhaldet og servicen frå NMS, ho får tilsendt 10 hefte gratis kvart år. Offerpengane går til å bekjempe omskjering av kvinner i Etiopia. I kaffipausen kjem matpakkane fram (for å gjere det enkelt å ta imot gjestar), og vertinna serverer kaffi og gjerne frukt, før det vert fart på strikkepinnane og praten. Det er kjekt å samlast!
Sidan 2010 har dei hatt basar eit par gongar, eller utloding/ope hus, om dei har fått besøk frå NMS eller kyrkja. Dei har og samarbeidt med foreingane i Dale, når dei har hatt basar eller samlingar.
Svanhild Ask