Gi en gave
Meny
Last ned

Områdestemne på Kjeldsund

Søndag 07.04.19 hadde Søre Sunnmøre områdeutval sitt årlege områdestemne på Kjeldsund. Vi starta i ei fullsett Hareid Kyrkje, der vi fekk delta på ei flott gudsteneste v/ sokneprest Leidulf Grimstad
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

12- åringane på Hareid var med å bar flagga til NMS i prosesjonen. Dei hadde overnatta i kyrkja.
Jan Ove Kleppe heldt ein appell med orientering om NMS sitt vidstrakte arbeid.

Etter gudstenesta reiste fortsatte stemnet på Kjeldsund der  det vart servert ein god middag i hovudhuset.
Når tida var inne, starta årsmøtet med informasjon, årsmeldingar og anna informasjon.
Det var ein liten, men engasjert gjeng som deltok på årsmøtet.
Drift på Kjeldsund, budsjettering av testamentariske gåver, og forståinga av NMS medlemskap og foreiningsmedlemskap var tre ting årsmøtet drøfta lenge.

Dagen avslutta med ein flott fest der mellom anna Marianne Tjervåg og Sølvi Bjerkvik spelte og song i to avdelingar med særs høg kvalitet.

Song av Marianne Tjervåg og Sølvi BjerkvikRanveig Kaldhol heldt ein framifrå misjonstale med kjenslelada innhald om det å dele av sitt eige.
Erika Lynn Solli følgde opp med veldig god informasjon frå NMSU arbeidet, og ho delte med herleg innlevelse.
Kaffi mat og ofring var også på programmet.

Alt i alt ein flott misjonsdag, sjølv om vi skulle hatt meir folk på årsmøte og misjonsfest.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp