Gi en gave
Meny
Foto: Åslaug Ihle Thingnæs Last ned

Områdemøte for Finnmark NMS

Dei møttest på halvvegen i år, NMS-folka i Finnmark. Karasjok er praktisk som møtestad når m.a. Anny Gerd Marki frå Vadsø og Åse Johansen frå Burfjord skal delta. Rundt 25 mil for kvar av dei lengstfarande vart det. Og med Karasjok misjonsforening som vertskap vart dei ei flott helg for dei i underkant av 20 som kom.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

For meg som seniorrådgivar for Midtøsten i NMS var det ei glede å møta engasjementet og interessa hjå deltakarane. Misjon er brubygging, og denne helga fekk eg vera med å bygga bru mellom Egypt og Finnmark, ei veldig meiningsfull oppgåve.

Leiar i områdeutvalet for Finnmark, Anne Therese Säppola, var hovudansvarleg for samlinga, men hadde fleire med seg, ikkje minst dei som bur i Karasjok. Samtalen gjekk livleg rundt bordet, og årsmøtet vart både lærerikt og underhaldande. Det er ingen tilsette i NMS i Finnmark, men dei frivillige tar ansvar og held hjula i gang, særleg i å engasjera menigheter til misjonsavtale.

Søndag deltok me på gudstenesta i Suossjavri kapell på vidda mellom Karasjok og Kautokeino. Den var på norsk og samisk, så for meg var det nesten som når eg er i Egypt og syng på norsk når andre syng på arabisk. For meg understreker det fellesskapet når me har dei same songane på kvar våre språk!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp