Områdemøte for Finnmark NMS
For meg som seniorrådgivar for Midtøsten i NMS var det ei glede å møta engasjementet og interessa hjå deltakarane. Misjon er brubygging, og denne helga fekk eg vera med å bygga bru mellom Egypt og Finnmark, ei veldig meiningsfull oppgåve.
Leiar i områdeutvalet for Finnmark, Anne Therese Säppola, var hovudansvarleg for samlinga, men hadde fleire med seg, ikkje minst dei som bur i Karasjok. Samtalen gjekk livleg rundt bordet, og årsmøtet vart både lærerikt og underhaldande. Det er ingen tilsette i NMS i Finnmark, men dei frivillige tar ansvar og held hjula i gang, særleg i å engasjera menigheter til misjonsavtale.
Søndag deltok me på gudstenesta i Suossjavri kapell på vidda mellom Karasjok og Kautokeino. Den var på norsk og samisk, så for meg var det nesten som når eg er i Egypt og syng på norsk når andre syng på arabisk. For meg understreker det fellesskapet når me har dei same songane på kvar våre språk!