Ny misjonsavtale på plass i Skodje
Asbjørg Oksavik Sve, som er tilsett som diakon i Skodje, ga informasjon om kyrkjebygginga i Estland. Asbjørg har ved fleire høve besøkt Estland og har slik god kjennskap til det viktige arbeidet som NMS er med på å støtte der.
Det er svært få kristne i Estland, det er eit av dei mest sekulariserte landa i verda på grunn av kommunistisk styre i femti år. Mange av kyrkjene vart rivne eller brukt til lager, museumsbygg eller forretningslokale. Den estiske lutherske kyrkja har no endeleg fått ein økonomisk kompensasjon for dei okkuperte kyrkjene, så dei har nokre få kyrkjer under bygging.
NMS sitt misjonsprosjekt omfattar to nokså nyplanta kyrkjelydar, som har no etter omlag ti og seks år vel 100 medlemmar kvar. I Mustamäe, ein bydel i Tallinn kommune med 65 000 innbyggarar, har dei no fått reist sitt fyrste kyrkjebygg, men har ikkje midlar til å innreie den. I Saku kommune like utanfor Tallinn har dei også ei kyrkje under bygging, men byggearbeidet er stansa pga. manglande midlar. I tillegg til innsamling og ofring til prosjektet gjennom kyrkjeåret, vil Skodje kyrkjelyd vere med å be for våre kristne søsken der, og arbeidet som blir drive i kyrkjelydane.
Skodje kyrkjelyd ser fram til å følge prosjektet i Estland og vi ynskjer lukke til!