Ny butikk på Eid
Etter velkomstord frå styreleiaren, Kjersti Ness, lydde festlege tonar frå ei blåsegruppe på kulturskulen. Turid Øyra Øygard kom med lukkeønsking frå generalsekretæren og leiinga elles i Det Norske Misjonsselskap (NMS). Ho var også med då gjenbruksbutikken blei opna på Almenningen for seks år sidan. No var ho igjen til god støtte i alt arbeidet med å få butikken over i det nye lokalet. Det kom fram at i desse åra hadde butikken på Eid omsett varer for 4,6 millionar kroner. Dei flinke og flittige medarbeidarane fekk vel fortent ros og takk for innsatsen. Dei ønskjer nye medarbeidarar velkomne inn i denne trivelege flokken. Her er mykje glede å dele, og mykje å vere stolte av.
Ordførar Alfred Bjørlo og leiaren i Eid Handel, Ragni Marie Strand Rasmussen ønskte begge Gjenbruksbutikken hjarteleg velkomen i Eidsgata. Ragni Marie poengterte at denne butikken hjelpte til å dra kundar til Eid. Ei stor marsipankake blei delt i mange stykke, og det var eit godt teikn at meir kaker måtte til utpå dagen. Stadig kom nye kundar og fann ting dei gjerne ville kjøpe. Slik blei dette ein stor og glad merkedag for NMS i Nordfjord. No gjeld det berre straumen av varer og kundar held fram – til velsigning både her og ute i verda.
Tekst og foto: Asbjørn Gjengedal