NMS på vidda
19 personar frå både sør og nord tok turen til Finnmarksvidda for åndeleg påfyll, naturopplevingar og fellesskap. No skal dette bli eit årvisst treff.
− Fint å treffe andre kristne og sjå korleis Gud skaper misjonsengasjement ulike stader. Interessant å få innblikk i samisk kultur, seier deltakarane om arrangementet som er ope for alle, så lenge det er plass.
Oskar og Olaug Eriksen er oppsittarar på Ravnastua, ei av dei tre statlege fjellstovene som er att. Statlege fjellstover vart sett opp allereie på 1100-talet som skysstasjon for embetsverket.
Ravnastua fjellstue ligg 30 kilometer frå Karasjok og vart busett i 1850 for å vere ein stoppestad mellom Karasjok og Alta. Oskars familie vart oppsittarar i 1947. Mor hans dreiv fjellstova fram til 1989, før Oskar overtok i eit par år. Etter ei tid der søstera og mannen hadde ansvar, vart han igjen oppsittar frå og med 2001, og har vore det sidan. Oskars samiske røter pregar leveviset deira, og det å komme tett på naturen er noko dei ønskjer at fleire skal få oppleve.
Fjellstova kan ta imot 30 personar på overnatting. Perfekt for eit NMS-treff, tenkte Olaug.
− Kom avsides og kvil, sa Jesus. Det ønskjer vi å legge til rette for, seier ho.
− På vidda slepp vi støyen som vi elles omgir oss med. Her er ro og fred og naturopplevingar berre Gud kan gi, legg ho til.
Ravnastua ligg 16 km frå bilvegen. Årets deltakarar valde å gå, men ein kan også sitte på med terrengkøyretøy heile eller deler av vegen.
− Pilegrimsvandring til Ravdujavri, god mat, andakt, bålkaffe, gjeddekaker og fellesskap, nemner Olaug om programmet på NMS-treff på vidda.
Eit av høgdepunkta var besøk av misjonær Anne Storstein Haug som fortalde om livet som Thailand-misjonær.
− Når NMS-treff på vidda skal gjentakast neste år, håpar eg at fleire melder seg på, oppfordrar Olaug.
Les meir på www.ravnastua.no – Kontakt: post@ravnastua.no eller telefon 958 48 867.