Gi en gave
Meny

NMS Gjenbruk i eit koronaår 

Last ned
I januar 2020 ser vi fram til det første heile året i ny butikk sentralt nær Sartor Senter.   Før opningstid 13. mars set vi opp plakat på døra på NMS Gjenbruk Sotra: Stengt inntil vidare av smitteomsyn.  Inntil vidare skal visa seg å verta lenge.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Ein forståelsesfull huseigar som reduserer husleiga, løfter noko av byrda vi kjenner på.

Ved påsketider er vi blitt så utolmodige at vi byrjar å selja varer via Facebook: folk bestiller varer dei ser på Facebook, vi pakkar og har faste hentedagar, betaling pr VIPPS. «Vår»-ting sel godt: rulleskøyter, redningsvestar, våtdrakter, gummibåtar, det same gjer puslespel!

2. mai har vi første opningsdag, veldig kjekt å sjå folk i butikken igjen! Så går mai og juni med strenge smitteverntiltak og delvis opningstid, først fire dagar i veka, så fem. Frå 29. juni og ut året har vi full opningstid, dvs. seks dagar i veka, fem timar pr dag.

Kundane kjem og dei handlar. Dei uttrykkjer stor glede over at dei igjen finn gjenbruksbutikken open!
Varer manglar ikkje for vi har heldigvis mykje på lager.  Men frå 29. juni opnar vi igjen for inntak av varer, vi let dei stå i karantene i 10 dagar før vi rører dei. Tydeleg at mange har rydda i koronatida, varene strøymer på!

Sommaren og hausten går fint, med svært godt sal. Vi får t.o.m. lurt inn ein kjekk medarbeidarfest der smittevernreglane sjølvsagt vert haldne.
I starten av november er smitten høg i Bergen, og kommunane rundt følgjer Bergen sine strenge reglar. Så gjer også vi! Medarbeidarane går med munnbind, dei fleste kundane også.
Antibac-dispensaren er til god hjelp. Igjen har vi inntaksstopp for varer. Men salet går strålande!

Då vi lukkar dørene 22. desember for å ta ein velfortent juleferie, registrerer vi med glede at vi i 2020 har hatt det beste inntektsåret sidan butikken starten i 2013! Og vi gleder oss over at vi har fått vore med å hjelpa NMS til å utføra det dei har lova samarbeidskyrkjene sine!
Med optimisme har vi starta på eit nytt år som nok også vil bli prega av koronapandemien, men vi har sett at det går an å få ting til likevel, så vi er ved godt mot!

Helsing NMS Gjenbruk Sotra
v/Alvhild Vassel Eide


Nyheter

NMS Gjenbruk i eit koronaår 

I januar 2020 ser vi fram til det første heile året i ny butikk sentralt nær Sartor Senter.   Før opningstid 13. mars set vi opp plakat på døra på NMS Gjenbruk Sotra: Stengt inntil vidare av smitteomsyn.  Inntil vidare skal visa seg å verta lenge.
Les mer

Glade for å kunne møtes på jobb igjen

Nå er bruktbutikken åpen igjen. Det er de frivillige pensjonistene lykkelige for. Det er en veldig god arbeidsplass for pensjonister. Det er godt samhold og miljø. Vi kaller oss gjenbruksfamilien, sier Trine Kriken (74).
Les mer

Det går bra!

Det går bra! sier Eldrid Nerheim, daglig leder for NMS Gjenbruk i Molde. Sammen med rundt 50 medarbeidere driver Eldrid butikken på bussholdeplassen i Molde.
Les mer

Kjekk dag på jobb

Det er ofte kjekke dagar i NMS Gjenbruk på Skei!
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp