NMS Gjenbruk i Ålesund i ny drakt!
Og dei som sto i kø, venta ikkje forgjeves!
I døra vart dei møtt av styreleiar Reidar Standal som ønska velkommen og fortalte kort om oppussing, konseptet NMS Gjenbruk, kva pengane går til. Leiar I NMS Gjenbruk Siri Lindtveit var og tilstades og fekk det ærefulle oppdraget å klippe snora!
Så var det berre for dei 20-30 trippande som sto i kø å leite etter skattar rundt om i den flotte butikken! Denne veka har dei frivillege mala, rydda, montert reolar, vaska og prisa. Og resultatet kan dei vere stolte over!
Fredag 12. januar var det gjenåpning av NMS Gjenbruk Ålesund, etter å ha ominnreda og pussa opp butikken. Fargane og interiøret er no prega slik kjeda NMS Gjenbruk pregar sine butikkar.
Ei av dei største endringane som er gjort, er nok at avdelinga for brukte kle har blitt flytta og fått større plass. Og så har dei ifølge leiar Siri, fått laga butikkjeden sitt finaste prøverom!
Tusen takk til alle medhjelparar og til deg som velger å handle på Gjenbruk og på den måten støtte arbeidet vårt for ei meir berekraftig framtid!
Kjellaug Standal og Grethe Lange foran den nye disken og kassa!