Gi en gave
Meny
Last ned

NMS Gjenbruk Førde

"Det er så kjekt å sjå at de har starta med klesal" Dette er ei av mange positive tilbakemeldingar vi har fått etter at NMS Gjenbruk Førde starta med sal av klede i august.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Føresetnaden for å starte sal av klede var difor at vi fekk inn nye medarbeidarar til å ta seg av dette. Hanne Schnitler tok på seg jobben med å planlegge salet, og saman med Marit Steiro og Helge Naustdal har dei lagt ned eit stort arbeid for å få alt på plass. Hanne har tidlegare drive gjenbruksbutikk for klede, så vi hadde kompetansen på plass.
I det praktiske arbeidet med innreiing av butikken fekk vi god hjelp av NMS Gjenbruk sentralt då både dagleg leiar og to av dei regionansvarlege stilte opp og hjelpte oss.

I møbelavdelinga har vi delt av lokalet for den nye klesavdelinga. Klesavdelinga har allereie vorte ein suksess. Ikkje berre har omsetjinga vore god, men det har hatt ringverknader for salet av andre varer òg. Folk har vore flinke med innlevering av klede med god kvalitet, og vi har halde låge prisar slik at alle skal kunne kjøpe seg nye plagg.

Det er særleg kjekt å sjå at så mange ungdomar er opptekne av å gjenbruke plagg.

For gjenbruksbutikkane har det sosiale vore ein viktig faktor, og vi har laga ein kaffikrok i begge butikklokala der kundane kan sette seg ned med ein kopp kaffi og ta ein prat.

Ei utfordring er heile tida å rekruttere nye medhjelparar etter kvart som ein del fell frå på grunn av høg alder og manglande helse.

Vi ønskjer difor velkomne alle som vil gjere ein innsats for gjenbruksbutikken og NMS.

NMS Gjenbruk Førde har også i år ein stor auke i omsetninga, og vi kan gle oss over å kunne stå saman med NMS i det omfattande misjonsarbeidet og dei ulike hjelpeprosjekta i 16 land.

Kjell Skaaheim, styreleiar

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp