Misjonsgudsteneste på Holesanden
Misjonsgudstenesta på Holesanden søndag samla mykje folk.
Sist oppdatert 24.06.2019
Prest Arvid Helle var dagens liturg og som ein del av preika fekk vi høyre nydeleg solosong av Kristin Leirbekk. Misjonskonsulent i NMS Møre Laila Karin Tusvik Helle hadde informasjon om misjonsprosjektet i Thailand. Misjonsutvalet sto for sal av grillmat, kaffi og kaker. Det var og sal av lodd og fleire kunne reise heim denne dagen med flotte gevinstar. Takk for innsatsen, og til alle som kom:
Takk for at du støtta misjonsprosjektet!