Misjonsforeining på Tysnes 180 år.
Frå starten var det arbeidd ut vedtekter for arbeidet.
§ 1: a) «Medvirke til kristendommens udbredelse blant ikkekristne folkeslag. b) «at opbygge sine medlemmer paa en til denne hensigt svarende måte.» Oppgåve og middel er sentrale. Langt på veg det same som vi tenkjer i dag.
Ved starten var det 59 menn. Etter kvart fekk kvinner vera med. I 1874 vart fyrste reine kvinneforeininga skipa i Onarheim med 20 medlemmer.
Jubileet vart feira 6. oktober på Tysnes bedehus med ei mindre samling av innbedne. Det er fint å sjå og oppleva at misjonsengasjementet var levande så tidleg, og at foreininga har vore i aktivitet samanhengande i desse 180 åra med meir eller mindre styrke og oppslutnad.
Leiar i foreininga, Marianna Heggland Brungot, ynskte velkome og leia samkoma. Tidlegare områdeleiar, Edel Johanne Sørvik, heldt andakt utfrå Joh 3,16. På ein fin og god måte fekk ho formidla Guds oppofrande kjærleik og synleggjort kva det gav oss som utfordring og oppmuntring for misjonen i dag.
Bordet var duka til fest med smørbrød og kaker. Saman med den gode drøsen smaka det godt. Og misjonsforeininga ved leiaren sin fekk blomehelsing med takk for trufast arbeid i mange år og stå-på-vilje i ei ny tid.
Slike jubileum er viktige. Til lærdom og kunnskap om arbeidet før. Til inspirasjon frå tida før, med små kår og stort engasjement. Og motivasjon for arbeidet i dag. Kva ser vi og kva maktar vi ut frå dei ressursane vi har. Målet er det same: Evangeliet må forkynnast og menneske i naud få hjelp til utdanning og helse. Ei flott oppgåve å få vera med på. Lukke til vidare på Tysnes!