Misjonsauksjon i over 150 år!
Torsdag 6. februar var det igjen klart for misjonsauksjon på forsamlingshuset Fossheim, med Nils Ulvund som auksjonarius, ei rolle han har hatt i ca 20 år. Alt frå strikka sokkar og vottar til bakverk, honning og godteri gjekk unna til gode prisar – her var det mange som baud over kvarandre. «Dette vart dyrt», kommenterte ein som hadde fått tilslaget på eit kakestykke for 70 kr.
Ålvundeid barnekor, med 6 jenter frå Ålvundeid og Ålvundfjord, deltok med frisk og klar song, leia av Solgunn Rødset Veddeng og akkompagnert av Gunhild Ulvund.
Misjonskonsulent i NMS Jostein Solbakken
Misjonskonsulent Jostein Solbakken avtalte med den yngre del av forsamlinga at han skulle tale i sju og eit halvt minutt, og som avtalt, fekk han beskjed når tida var ute, og avslutta tvert. Då hadde han fått sagt mykje om å ta vare på hjartet (Ordtøka 4,23), om nåden, om Guds ord som vårt åndelege grovbrød, og om misjon som mosjon og bevegelse: «I bevegelse er vi i kontakt med vårt eige hjarte».
Og det heile vart leia av Arne Drøpping, ansvarleg for planlegging og gjennomføring, med god hjelp av bygdefolk og andre.