Gi en gave
Meny
Last ned

Misjon er glede

Søndag 2.oktober fekk vi oppleve nettopp dette som overskrifta sei: Misjon er verkeleg glede.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Store og små strøymde til misjons- og familiegudsteneste i Ulstein kyrkje. Ved inngangen var det fullt av barn som ville vere med å bere inn flagg, kors og blomar. Og då orgelet stemte i, skreid dei inn i kyrkja: Barn med flagg og Bibel, dåpsfølgje og prestene Mirjam Håland Igland og Øystein Bjørdal.

Heile gudstenesta var prega av misjon – og av misjonsprosjektet som Ulstein kyrkje støttar i Midtausten.

Det var gudsteneste med tale, song og orientering om arbeidet vi støttar. Sjølvsagt også ei moglegheit til å gje ei gåve til dette.

Det var bønnevandring med mange stasjonar. Du kunne få påminning om dåpen, henge hjarte på takketreet, lime klistremerke på verdskartet og skrive bønelappar. Du kunne også få ein kjærleik på pinne og høyre orda frå Salme 34,9: Smak og sjå at Herren er god!

Etter gudstenesta var det kyrkjemiddag på Fredheim. Og det var mange unge og eldre som sikra seg søndagsmiddagen her: Brennsnut laga på Kjeldsund, eller pølse og brød. Og sjølvsagt var det kaffi og kake, for den som ville ha det.

Ein veldig kjekk søndag i Ulsteinvik der mange kom til kyrkje og kyrkjekaffi – og mange frivillige var med sånn at dette kunne gjennomførast. Vi fekk merke: Misjon er verkeleg glede.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp