Gi en gave
Meny

Meling misjonsforeining Solglytt er 100 år. Bremnes fellesforeining fyller 170 år.  

Foto: Pixabay Last ned
Eit jubileum har så mykje i seg: takksemd for trufast arbeid, inspirasjon for vidare arbeid og nyorientering.  
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Meling misjonsforeining vart starta opp i 1920 medan spanskesykja framleis herja. Det er trusstyrkjande å sjå at det var mot og tiltak til å starta ei ny misjonsforeining under slike vilkår. Det fyller oss med stor takksemd til dei som starta. Det vitnar om misjonsglød og vilje til å yta noko under vanskelege tilhøve.
Og takksemda gjeld òg alle dei som har vore med i alle  desse åra i arbeid og forbøn. Det vitnar om truskap og kjærleik til misjonsarbeidet. Gjerne òg store offer til tider. Det står det respekt av.
Bremnes fellesforeining vart skipa til i 1850, berre åtte år etter at NMS vart starta opp i Stavanger i 1842. Det seier oss at det alt då måtte vera fleire NMS foreiningar i soknet og dei hadde behov for ei fellesforeining til samarbeid og styrking av arbeidet. Det er imponerande å sjå dette. Takksemda går til dei mange, mange som slik har ført arbeidet vidare.
Vi som lever i dag og er med i misjonsarbeidet får henta inspirasjon frå dei som har arbeidd før oss. Dei hadde lite å greia seg med, men gav mykje. Vi kan gjerne seia at vi har mykje. Kor mykje meir skulle ikkje vi då kunna makta?
Misjonsarbeidet har forandra seg frå mange norske misjonærar, til støtte og samarbeid med nasjonale kyrkjer og deira samarbeidspartnarar. Men arbeidet er like viktig: evangeliet om Jesus må gjerast kjent, skulearbeid og undervisning styrkjast og hjelpearbeid til trengjande er like nødvendig. Det krev at vi er trufaste i vårt arbeid vidare.
Jubileet vart markert i Bremnes kyrkje sundag 13. september med gudsteneste og kyrkjekaffi. Generalsekretær Helge S. Gaard var predikant.

Tekst: Gunnvald Bjotveit

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp