Marit Breen på folkemøte i Stangvik
I samband med at Marit Breen var med på regionstemne i Molde vart ho også med på eit folkemøte om Etiopia i Stangvik måndag 2.sept. Alle kyrkjelydane i Surndalsområdet held no på med fornying av misjonssavtalane. Truleg endar det også med at alle fornyar sine avtalar med NMS og Etiopia.
Grunnen til å gjera det vart i alle fall ikkje svekka etter dette møte. Det var fleire som takka for god informasjon. Vi hadde også ein idé om å bringe samtalane «utanfor kyrkjedøra». Ein i salen sa det omtrent slik; «Eg pleier ikkje å gå på misjonsmøte, men i ei slik ramme som dette tykte eg det var greit å kome.»
Det var Stangvik Grendalag som hadde det praktiske ansvaret for arrangementet. Ein sal med plass til 50 personar i det litt spesielle «Bonhuset» var samlingsplassen. Vi kan kalle det «fullt hus» då møtet starta kl. 19.
Ekteparet Svein Sæter og Anita Land, som bur i Stangvik, har budd ei stund i Etiopia. Dei deltok med fotoutstilling og kåseriprega innlegg.
Det var salg av mat og god tid til spørsmål og samtale. Situasjonen for kvinnene i Etiopia stod i fokus både med ord og bilete.
Korleis NMS jobbar i landsbyane for å få slutt på omskjering var eit sentralt tema. Marit Breen har jobba og budd i Etiopia i fleire år. No bur ho i Oslo og kallar seg pendlarmisjonær.