Gi en gave
Meny
Last ned

Mannsweekend på Vassbotten

NMS har tidlegare hatt mannssamlinga på Phillipshaugen. No prøver vi oss på Vassbotten 1.-2. mars. Plassen ligg i Straumsnes, ytre del av Tingvoll.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Olav Gading

Olav Gading skal ha bibeltimane denne gongen. Han har nyleg flytta tilbake til Ålesund etter at han slutta som domprost i Molde. Han er no prest i Ålesund.

Bernt Bøe er ein aktiv kulturperson frå Bøfjorden. At han for nokre  år sidan fekk kongens fortjenestemedalje i gull, seier litt om det han står for innan musikk og

Bernt Bøe

historie. Han er også aktiv på sjøbruksmuseet i Bøfjorden. I år skal vi få høyre om båtkultur.

Finn Ove Kaldhol

Finn Ove Kaldhol har vore misjonær i Kamerun fleire periodar. Han er fersk pensjonist etter ein periode som prest i Myrbostad, Elnesvågen. 2023 var jubileumsår for misjon i Kamerun. Han vil bl.a. fortelle frå jubiléet.

Velkommen!

Last ned PROGRAM her

Praktiske opplysningar:

Pris kr. 1600,- for overnatting i dobbeltrom med oppreidd seng. Tillegg for einerom kr. 200,- (Det er ikkje høve til å bruke sovepose).

Påmelding innan måndag 26. febr. (helst før) til Arne Drøpping,  tlf/SMS  997 15 937

Eller e-post:  arne.dropping@gmail.com

Pass på å seie frå om du ønskjer einerom.

Helsing Arne Drøpping, (vert for samlinga.)

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp