Gi en gave
Meny
Foto: Skjermdump Last ned

Kyrkjepresidenten i Laos har gått bort

Det var med stor sorg vi mottok meldinga om at kyrkjepresident Dr. Khampone Kounthapanya var gått bort etter eit kort sjukeleie. Han døydde den 3. januar, nær 82 år gammal.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Dr. Khampone var ein dynamisk leiar av Den evangeliske kyrkja i Laos (LEC) i fleire tiår. Han etterlet seg kone, tre barn og to barnebarn. Dr. Khamphone vitja Norge og NMS fleire gonger. Siste gongen i november 2019. Denne turen var den siste utanlandsturen hans før pandemien slo til.

Heilt sidan 1975 har det vore ein spesiell relasjon mellom NMS og Den evangeliske kyrkja i Laos. Då var NMS på utkikk etter nytt arbeid i Søraust-Asia. Valet fall på Laos, men på våren 1975, kort tid før NMS si generalforsamling i Oslo den sommaren, fall Laos for den kommunistiske rørsla Pathet Lao, og det vart umogeleg å starte arbeid i landet.

Då kommunistane overtok, flykta dei som kunne flykte, – dei fleste til Amerika eller Canada. Khamphone, som den yngste av åtte søsken, vart verande i Laos. Og det vart mange vanskelege år, der kristne måtte møtast i løynd, ofte på stadig nye møtestadar.

Fyrst på byrjinga av 90-talet vart det gradvis endringar. Myndigheitene byrja å returnere konfiskerte kyrkjebygg, og dei kristne kunne dermed igjen møtast til gudstenester. Men det var alltid personar frå staten til stades for å observere, så den store fridomen var det nok ikkje.

Leiinga i kyrkja, med Dr. Khamphone i spissen, ville så gjerne vise styresmaktene at dei ville vere gode samfunnsborgarar og at dei ville vere med å bygge landet. Sjølv om kyrkja var svært fattig fekk dei høve til å vise dette i praksis.

På byrjinga av 2000-talet fekk NMS igjen kontakt med kyrkja, då ein tidlegare NMS-misjonær var leiar av Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i landet. Kyrkja sende ein søknad om støtte til å bygge eit vann-anlegg i ein avsidesliggande landsby. Denne søknaden vart innvilga av NMS og starten på eit godt samarbeid gjennom mange år, der NMS mellom anna har fått gleda av å vere med på å gi reint vatn og skulebygg til avsidesliggande landsbyar.

Denne satsinga har vore med på å gjere kyrkja til ein truverdig samfunnsbyggar i landet, og gjort det enklare for dei kristne å møtast til gudstenester og fellesskap.

Dr. Khamphone vil bli huska for sitt utrulege frimot og som ein dyktig formidlar av evangeliet. På Facebook flommar det over av gode ord og helsingar til «pappa», for det var slik han vart opplevd. Medarbeidarar og kyrkjelydsmedlemer såg på han som den store pappa. Misjonsgrupper og besøkande vart alltid prioritert og tatt vel imot. Han vart aldri lei av å fortelje om kyrkja og kva Gud gjorde i landet.

Ettersom også Laos vart råka av pandemien og det ikkje lenger vart mogeleg å samlast til store gudstenester, underviste Khamphone kvar dag, frå måndag til fredag ein bibeltime på Facebook. På juledagen sto han to gonger på preikestolen og forkynte evangeliet.

Vi lyser fred over hans minne.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp