Gi en gave
Meny
Last ned

Kyrkjeplanting i Estland – og Norge 

Av og til er verda ein vakker stad. Som når vi den eine søndagen kan feire gudsteneste i Saku kyrkje i Estland, og den neste søndagen møte ein familie frå Saku på besøk i Birkeland menighet. Det har vore inspirerande å sjå dei sterke banda som finnest mellom NMS og kyrkja i Estland. 
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

I april i år inviterte NMS sitt menighetsnettverk for Europa til samling i Estland, og aldri før har så mange delteke på denne konferansen. Over 100 deltakarar frå Norge, England, Frankrike og Estland var samla.
Vi møtte estiske kyrkjeleiarar som la vekt på historiske band til sine skandinaviske broderfolk i vest. Dei reknar også Olav den heilage som ein viktig person i kristninga av landet, og reformasjonen kom til dei om lag samtidig som her.
I dag er framleis den lutherske kyrkja rekna som den historiske nasjonalkyrkja, sjølv om eit mindretal av folket står som medlemer i kyrkja. Estland er eitt av dei mest sekulariserte landa i Europa.
Dei seinare åra har NMS sitt engasjement i Estland særleg vore knytt til to forstadar til Tallin: Mustamäe og Saku. To nye kyrkjelydar har blitt planta og to nye kyrkjer har blitt bygde. Det er forteljingar om trufast teneste lokalt, eit sterkt bønearbeid – og støtte i frå NMS. For oss som var med på nettverksamlinga, var det fint å få sjå desse to nye kyrkjene og møte menneska som har si teneste der.
Kristiina og Ranno Seppel er to av desse trufaste som har vore med å bygge kyrkjelyden i Saku, og no i april var dei inviterte til Norge og til Birkeland menighet. Dei er vener av Bård og Kjersti Norheim som har vore misjonærar i Estland.
Søndag 21. april kunne ei god forsamling misjonsvener frå Birkeland, Os og Sædalen kyrkjelydar møtast i Birkeland menighetshus og høyre Kristiina og Ranno fortelje om arbeidet med å plante ny kyrkjelyd og bygge ny kyrkje i Saku. (Se bilde over.) To dagar etter fekk dei også vere med på grunnsteinsnedlegging i Sædalen kirke. Sædalen er ein av kyrkjelydane i Norge som dei ber for i Saku.
Dette er eit vakkert bilete på misjon i dag: Å få vere eit fellesskap av menneske og kyrkjer som hjelper kvarandre og ber for kvarandre på tvers av grenser og kulturar. Saman får vi oppleve at det spirer og gror i Guds rike.
Arne Mulen

Gudsteneste i Saku, Estland. Foto: Arne Mulen

 

Grunnsteinsnedlegging i Sædalen. Velsingning på estisk ved Kristiina Seppel, og sokneprest Kjersti Gautestad Norheim. Foto: Gyrid Nygård

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp