Gi en gave
Meny
Last ned

Kva gjer me når me er ute og syklar, og kjem til ein tunnel der det står sykling forbode?

Omtrent slik vart det våren 2020 da det vart innført forbod mot større forsamlingar like før områdestemne sesongen. Områdestemna vart stort sett avlyste. Overført til sykkelturen blir det å snu og køyre heim att.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

For sykkelturen var det greit nok. Dersom ein køyrer ein passe lang omveg, blir det grei trim likevel. Da er det verre med misjonen, det var ille nok at me ikkje fekk møtast, men det vart også færre høve til å samle inn pengar. Eit tiltak var å auke gjevartenesta, men det må vel vere andre måtar for å skaffe pengar utan at mykje folk måtte samlast?

Slike spørsmål er krevjande og utfordrar fantasien, eller kreativiteten som det vel heiter i den slags samanhengar.

Påskekyllingar

Første tiltak var knytt til det avlyste områdestemnet for Ytre Nordmøre. Her hadde eg tinga kunstferdige tova påskekyllingar til utlodning på stemnet. Kunstnaren er frå Averøya, prototypen var dompapar tilpassa julemesse, desse vart på bestilling omforma til særs flotte påskekyllingar.

Til vederlag for kyllingane vart kunstnaren påprakka to trekoppar, ein stor og ein liten. Avtalen kunstnarane imellom, utan at tal vart nemnt, var at me skulle gje til misjonen så mykje som me meinte den andre sitt kunstverk var verd.

Stell av ungskog

Tiltak nummer to var innanfor det som har vore faget mitt, skogbruk. Alle veit at når ein har hogd, må det plantast på nytt. Ikkje så mange tenker at når dei nye plantene er komne godt i veksinga, er det anna vegetasjon som også har vakse, og at det blir konkurranse om lys og næring. Da er det lurt å fjerne det som er uønskt, slik at det blir høveleg rom mellom trea som skal stå og vekse vidare. Dette kallast ungskogpleie og vert rekna så nyttig at stat og kommune gjev tilskot til dei som gjer slikt arbeid.

Ei venlegsinna skogeigar sleppte meg til i skogen sin etter synfaring saman med skogfunksjonær. Etter det var det berre å sette i gang. Arbeidet gjekk ut på å fjerne lauvtre, mest bjørk, som hadde breia seg over grantoppane, og hindra med det vekst og kvalitet. Noko av lauvskogen vart ringbarka, noko vart felt med motorsag.

Hovudjobben var på grøfta myr der det var planta sitkagran. Mykje av grana var undertrykt av fure og bjørk som hadde betre veksetilhøve og hadde vakse forbi dei planta trea. Arbeidet gjekk ut på å skaffe lys og veksetilhøve for den planta grana, og å fylle ut med dei beste furene slik at det var nok framtidstre på arealet. Dette var seigt arbeid som tok si tid.

Misjonssauen

Neste prosjekt kom på seinhausten 2020 og vart kalla Misjonssauen. I opphavet var det snakk om berre ein, etter kvart har det blitt fire.

Bakgrunnen var at saueslakt vart betalt med ned til 1 kr. for kiloen, og at det var nesten uråd å få tak i slike slakt. Eg var nysgjerrig på om noko som kosta 1 kr. var brukbart til mat. Det låg også eit ønskje bakanfor om å forstå deler av landbrukspolitikken.

Regionstyreleiaren vår har titulert seg som sauebonde, han gjekk med på at eg skulle få kjøpt ein ung sau, og at eg kunne gjere ein eigeninnsats med slakting og transport. Moms og skatt skulle bli betalt etter gjeldande reglar, keisaren skulle få sitt. Misjonen vart kopla inn ved betaling av ei friviljug misjonsavgift til NMS, denne avgifta skulle vere like stor eller større enn moms og skatt.

Slaktinga gjekk greit, sauen vart omgjort til store mengder framifrå mat som vart fortært innan det var tid for neste sau, og misjonen fekk pengane sine. Dette vart så vellukka at den eine sauen har vorte til fire, til glede for misjonsvener i Kristiansund. Det einaste som ikkje gjekk så bra, var forståinga av landbrukspolitikken. Det er lettare å forstå dei kanoniske og apokryfe skrifter i teologien, enn at bonden skal ha berre 1 kr. kiloen for så god mat.

Vedsal i straumkrisa

Det til no seinaste tiltaket vart til på grunn av straumkrisa og ein lang og blaut seinhaust. Ein kvart famn, 0,6 kbm. laust mål, med bortimot tørr ved vart seld til ein slektning. Betalinga gikk til misjonen. Prisen var som før straumkrisa, ingen, ikkje ein gong misjonen, skal sko seg  på at dei som ikkje kan hogge ved sjølve må betale urimeleg for å halde varmen.

Resultatet

Så langt har desse tiltaka gjort at 5 300 kr. er sendt til misjonen, i hovudsak til dei som er ramma av tørke og svolt på Sør – Madagaskar.

Kva vidare?

Dette var det som er gjort til no langs omvegen fordi det ikkje var lov å sykle gjennom tunnelen. Eit tiltak som ikkje er omsett i pengar, men som kan bli det, er at det vart så god tid til å spikke trekoppar. Koppane er store, kaffikoppar til vaksne, middelsstore til barn i alle aldrar, og små, drammekoppar eller fløytemugger som dei også kan kallast. Dei fleste til høgrehendte, men også til dei ventrevridde. Eg set inn nokre foto som døme. Dersom nokon er interessert og me vert samde om prisen, kan det bli ekstra kroner til misjonen.

F.v.: Turkopp for friluftskar med store nevar.
Turkopp med støttesko for barn i alder 5 – 10 år.
Drammekopp eller fløytemugge for høgrehendte.

Helsing frå Hans Lauvstad, tlf. 478 98 424

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp