Krossvandring og påsketidvandring – gjer påska sin bodskap synleg
Krossvandringa Via Dolorosa
Krossvandring / Korsvandring – der ein går i Jesu fotspor mot krossen – frå stasjon til stasjon – er ein gamal tradisjon i tida rundt påske. Vi fekk i 2021 laga ein serie med 14 plansjar med bibeltekstar og nye bilete til ei slik krossvandring.
BOKMÅL eller NYNORSK
Tilrådd tidsrom: Krossvandringa / Korsvandringa kan brukast i fastetida mellom oskeonsdag og påskeaftan.
Meir informasjon: Krossvandringa VIA DOLOROSA (pdf) (med oversyn over alle plansjane)
BESTILLING: Bestillingsskjema for krossvandringa Via Dolorosa
Påsketidvandringa Via Lucis
Ein nyare tradisjon er å gå i lyset frå Jesu oppstode. Vandringa VIA LUCIS (lysvegen) har også 14 stasjonar, men fokuserer på lyset og håpet frå Jesu oppstode. Denne serien var ny til påske i 2020, men vart i 2022 oppgradert med heilt NYE bilete til ni av plansjane.
BOKMÅL eller NYNORSK
Tilrådd tidsrom: Påsketidvandringa kan brukast i påsketida frå påskedag til pinse.
Meir informasjon: Påsketidvandringa VIA LUCIS (pdf) (med oversyn over alle plansjane)
BESTILLING: Bestillingsskjema for Påsketidvandringa Via Lucis.
Det er Balestrand sokneråd som formidlar desse påskevandringane. Vi sel to seriar med plakatar. Kvar serie har 14 stasjonar og ein velkomen-plakat. Vi gjev ut kvar serie på både nynorsk og bokmål. Plakatane er illustrerte av kunstnaren Magne V. Kristiansen. Tekstane er frå Bibelselskapet. Plakatane er framstilt på kraftig plastfolie i A3-format. Plakatane er laga for utandørs bruk ved at dei både er vassekte og lysekte. Plakatane kan til dømes festast på treplater/stolpar som kan plasserast rundt ei kyrkje, ein gravplass, i ei naturløype el.l. Kvar serie kostar kr 2.500,- eks. mva. Frakt kjem i tillegg.
Levering: Vi produserer og sender ut etter kvart som vi mottek ordrar.