Gi en gave
Meny
Last ned

Konfimantlaurdag med fokus på misjon

Aller først, takk for tildeling av stipendet "Misjons i trosopplæringen" frå SMM (Samarbeidsråd menighet og misjon) på 10.000 kroner til vår «konfirmantlaurdag» som vi arrangerte i Gomerhuset, Skodje. Arrangementet vart gjennomført 1. oktober, og fungerer som ei undervisning, men også som eit kick-off i konfirmantåret.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Temaet for konfirmantlaurdagen var MISJON. For dei fleste konfirmantar så er «misjon» eit framandord. I år er det eit rekordstort konfirmantkull på bortimot 90 konfirmantar, så dei vart delt inn i 4 grupper. Vi hadde med dei tre misjonsorganisasjonane vi samarbeider med  her: NMSU  v/ Brita Kvalsvik, Israelsmisjonen v/Svanhild Jakobsen og Himalpartner v/Bjørn Ødegård. Ein tilreisande gjesten, Pitambar Neumpane, høgskulerektor frå Katmandu, Nepal var og tilstades. Olav Rønneberg, kateket hadde hovudansvaret for dagen.

Konfirmantane vart altså delt i 4 klasser, og fekk omlag ein halvtime info i kvart rom, hjå kvar organisasjon og her vart misjonsavtalane presentert. I tillegg hadde diakon og prest også ein stasjon. Tanken med undervisninga er at konfirmantane i løpet av dagen var at elle konfirmantane gjekk til ei gruppe, så bytta vi, osv., slik at alle var innom alle postane.

Mat må en ha, så midt i løpet hadde vi «hamburgar-brenning» der tønnegrillar forsynte oss med nygrilla hamburgarar. Vi hadde også ein liten fruktpause tidlegare. Det er viktig at arrangementet ikkje vert alt for heseblesande.

Siste del av dagen var hobbyaktivitetar med Himalpartner, Bare leik og moro (BLOM9 med NMSU og idrettsaktivitetar i idrettshallen med handballgruppa til idrettslaget.

Eit godt samarbeid med organisasjonane, skulen, idrettslaget, kyrkjestab  og ikkje minst ein mengde frivillige føresette gjer at dette i år var ein stor suksess.

Midlane vi fekk delte vi med dei 3 organisasjonane, idrettslaget og soknet, nokke som gjorde at alle fekk 2000 kroner kvar.

Misjonsrådgjevar frå Møre bispedømme, Grethe Lystad Johnsen var med heile dagen som særs aktiv «observatør». Vi trur at dette arrangementet har ein stor overførings moglegheit, og at det lett kan tilpassast både ulike stader, og ulike organisasjonar.

Eit veldig viktig poeng å tenke på er at dette er 14-åringar som ofte ikkje har noko forkunnskap, så her er det upløgd mark ein skal så i. Som alltid så kan freistinga til å ville ta med for mykje informasjon vere stor, og her har organisasjonane ei utfordring, som også dei vi har hatt med har tatt.

Vi er veldig takknemleg for at organisasjonane stiller på dette.

Etter lunsjpausa med hamburger og brus, var det valfrie aktivitetar i gym. sal, leik i kultursalen og perlearbeid/trykk i kantina.
Takk til dyktige foreldre som hjelpte til og tusen takk for midlane frå Kirkerådet og SMM!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp