Jonsok på Kjeldsund med rekordoppslutning
Sommaren er endeleg på veg! Både bygningar og friområde var fulle av folk.
Jonsokaftan markerer midtsommaren, og tradisjonen tru vart det også i år feiring av jonsok på Kjeldsund. Ein strålande dag med Kjeldsund på sitt aller beste.
Sist oppdatert 03.07.2019
I år var jonsokaftan på ein søndag, noko som passa idéelt for å ta både søndagsmiddagen og ettermiddagskaffien på Kjeldsund! Over 400 tallerkener med rømmegraut og lapskaus gjekk ned på høgkant i tillegg til pølser, nytrakta kaffi og eit bredt spekter av kaker!
Ei samling i møtesalen er også eit ”must”. Ei fin andaktstund leia av Sonja Husøy. Arne Moltubak heldt andakt og Jostein Husøy var pianist.
Både bygningar og friområde var fulle av små og store som kosa seg rundt omkring på Kjeldsund med blikk mot jonsokbålet som vart tent ut på kvelden nede på neset.
- «Det har aldri vore så mykje folk som i år på jonsokfeiring», seier Eli-Kristine Moltu, husmor på Kjeldsund, overvelda!
- «Og vi fekk inn 85 500 kroner denne dagen!»
Det kan sjå ut som om lokalfolket på alvor har oppdaga for ei perle dei har i nærområdet sitt.