Gi en gave
Meny
Last ned

Jenny vev for livet og misjonen

Korona og smittefare endra ikkje arbeidsrytmen til Jenny og vevstolen.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Vi skulle feire 98-årsdagen til Jenny Austrheim 9.april, skjærtorsdag. Så kom korona og endra alle planar. Men smittefaren endra ikkje arbeidsrytmen til Jenny. Når kvardagen kom att etter påske, var ho i gang att i vevstolen. Med sikkert syn for fargar og vakre kombinasjonar, slo ho tøystrimlane inn i vakre mønster. Fleire timar kvar dag sit ho der og veit at dette er ein meiningsfull innsats. Det er trim av beste sort for heile kroppen, og sanneleg får også hjernevindingane halde seg i form! Jenny er klar og kvikk både i tanken og replikken, som ho alltid har vore. Og ho veit kva ho vil med det som kjem ut av arbeidet. Det skal bli pengar til misjonen.

Kunnskapar og handelag

For 16 år sidan kjøpte ho og ektemannen, Johan, ein aldersbustad i nærleiken av Gloppen omsorgssenter på Sandane. Der var helsehjelpa nær dei siste par åra Johan levde, og det gjorde sitt til at dei kunne ha det så godt som råd var i den tida. I den lettvinte bustaden visste ho å legge alt vel til rette for lefsebaking, som ho var ekspert på. Eit eigna rom blei verkstad for vevinga. Enno i fleire år heldt ho fram og vov «kristnaåkle» og vakre veggteppe i tillegg til golvteppa som ho enno held på med. Jenny var medviten om at ho måtte halde fram og bruke sine kunnskapar og handelag også etter at ho blei pensjonist. Det blei etter kvart mange i nye generasjonar som fekk glede av det. Jenny meistrar mange slags handarbeid, og stadig var det nokon som skulle få ei gåve som ho hadde laga.

Pengar til misjonen

Men både lefsene og teppa kunne det bli pengar av til misjonen. I 1983 var Jenny med og fekk i gang misjonsmessa for Det Norske Misjonsselskap i Nordfjord. Når loddbøkene gjekk omkring, var der alltid eit teppe som gevinst frå Jenny. Og dei velsmakande lefsene gjekk fort unna frå bordet med matvarer. Dei siste par åra har det ikkje høvt for henne å vere med på denne messa  på Nordfjordeid, men ein konvolutt med pengar sytte ho for å få av garde. Den same omtanken og gjevargleda viser ho når vi har vår årlege «Marimessebasar» på Sandane. I den tida Misjonsselskapet hadde foreining i nær sagt alle skulekrinsar i Gloppen, var Jenny med også som leiar i foreininga på Austrheim. Då ho flytte inn i aldersbustaden, blei ho med i Eide og Evebø – foreininga som heldt hyggestund på omsorgssenteret annankvar veke, heilt til koronapandemien stogga også dei samlingane. Der var ho trufast med i fellesskapet og gjevartenesta som høyrde med der òg. Av og til kan ho dele eit av dei mange dikta som ho har i minnet, eller anna som ho har på hjartet.

Travle hender

Med ein så langvarig og heilhjarta innsats for misjonen, er Jenny uroa over minkande inntekter til NMS. Golvteppe som stadig er ferdige, byr ho fram til sal. Og medviten om sin høge alder gjer ho klart at dei som måtte vere att av slike teppe når ho går bort, skal kome NMS til gode. Men lite tyder på at Jenny sine hender fell til ro med det fyrste. Det må i tilfelle vere når ho faldar dei i takk for Guds velsigning og i bøn for alt og alle ho har rom for i hjartet.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp