Gi en gave
Meny
Last ned

Inspirerande områdestemne for Ytre og Indre Nordmøre/Nesset på Frei

Det starta med fin gudsteneste i Frei kirke v/sokneprest Lynn Brakstad.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post


F.v. Leiar i OU og lokal medhjelparar Maritta Ohrstrand og Liv Anne Innerdal t.h.

Liv Anne Innerdal hadde misjonsinfo med utgangspunkt i NMS sine tre mål og med døme frå eigne opplevingar frå tur til Madagaskar. Frei barnekor, med 27 born, song så fint, og dei hadde med mange frå familiane sine.   Offer til NMS 9280 kr.

Så gjekk vi opp bakken til Frei bedehus, der det vart servert kjøttsuppe m/brød. Lokale folk stilte opp med alle praktiske oppgåver. Det var fint pynta med blomster både ute og inne.

Årsmøte. Ca 40 personar til stades. Dei fleste kommunane var representerte.

Områdeutvalget: Rudni Ingeborgvik og Møyfrid Torvik Røkkum tok gjenvalg for 3 år, 2024-2027. Kari Kristin Folden, Sigurd Haugen, Anny Orten, Knut Toven, Kari Sødal og Liv Anne Innerdal var ikkje på valg.


Ca. 40 deltakarar frå heile Nordmøre. Foto: LA Innerdal

Regionstyret: Liv Anne Innerdal er gjenvalgt for perioden 2023-2026, og Gunn Berit Torvik som vara for same periode, så ingen er på valg i år.

Misjonsmøte med tale av Sigurd Haugen. Han tala om kvinnene ved grava som ikkje sa eit ord, for dei var redde, og han gav fleire eksempel på personar som hadde kome til tru, ikkje gjennom ord truande hadde sagt, men gjennom deira kjærleik og handlingar. Kanskje er vi mange gonger som kvinnene midt mellom tru og tvil?


Lynn og Per Magne Brakstad song på misjonsmøtet. Foto: LA Innerdal

Arne Drøpping hadde  misjons- inspirasjon. Han viste ein innhaldsrik video av Stina Nergård om kva NMS er, og han fortalde frå Mali.

Lynn og Per Magne Brakstad gledde oss med vakker song. Kari Sødal leia misjonsmøtet og  Gunnar Sødal var pianist. Møtet starta med trivsel rundt kaffeborda med nydelege kaker baka av dei lokale arrangørane.


Sigurd W Haugen tala på festen. Foto: L A Innerdal


Ca. 40 deltakarar frå heile Nordmøre. Foto: L A Innerdal

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp