Inspirasjon til «use your talents»
![](https://nms.no/wp-content/uploads/2019/10/Leif-og-Kari-Sæther-e1570101927628-150x150.jpg)
Leif og Kari Sæther
Det var ein kveld med mykje godt innhald.
Kari og Leif Sæther innleia kvelden sitt tema. Dei har hatt stor interesse for å gå meir i djupna rundt det å bruke talenta sine. Det har vore litt overraskande å sjå kor stor entusiasme «Use Your Talents» vekker i kyrkjene på Madagaskar. Tankegangen synest å vere frigjerande. Det at vi faktisk har ressurser, at vi har muligheter, at det går an å få til ting sjølv, endrar måten å tenke på. Vi som var tilstades vart og utfordra til å samtale rundt borda om korleis bruke talenta våre i vår kontekst.
Tre av dei frammøtte kom direkte frå Estland etter å ha vore med på NMS turen dit. Hege Steinsland som var reiseleiar på turen kunne
![](https://nms.no/wp-content/uploads/2019/10/Asbjørn-Røsås-Peter-Odd-Bjørkhaug-Gunhild-Bjørkhaug-Edvard-Orvik-300x225.jpg)
Peter Odd og Gunnhild Bjørkhaug kom direkte til samlinga etter nokre dagar på inspirasjonstur til Estland. Asbjørn Røsås t.v. og Edvard Orvik t.h.
fortelle ferske nyheter frå kyrkjelydane i Saku og Mustamäe. Flott å sjå at kyrkjene der er snart klare for innviing og at kyrkjelydane veks!
![](https://nms.no/wp-content/uploads/2019/10/Knut-Bjune-og-Arvid-helle-informerer-om-GF-2020-e1570102886718-242x300.jpg)
Knut Bjune og Arvid Helle
Etter ein god matpause med deilig kveldsmat, var det tid for litt GF informasjon ved nestleiar i hovudkomitéen, Knut Bjune og leiar i programkomitéen Arvid Helle. Dei kunne lette litt på lokket og gi oss nokre smakebitar av GF programmet.
Ein god kollekttale av Kjellaug Standal om arbeidet NMS er med på ved å støtte satellittkanalen SAT-7, gjorde at det vart sendt ca. kr. 5.500,- til akkurat dette arbeidet i Midtausten.
Tusen takk til alle frivillege som laga til ein fantastisk god kveldsmat til oss og sto igjen og rydda etterpå!