Ingen grunn til misjons-skam
Med denne fagdagen ynskjer ein å bidra til større refleksjon rundt arbeid med barn, unge og misjon i kyrkjelydane. Det å formidle misjon til barn og unge på ein god måte krev gode hjelpemiddel. Mellom programpostane og stands fekk organisasjonane kome med informasjon om ressursmateriell og fortelle ei «suksess» historie frå arbeidet.
Gunnhild Bremer i NMSU presenterte ressursmateriell som gjer temaet misjon levande og livsnært for barn og kan brukast inn i eit allereie eksisterande program t.d. i «Lys Våken» og «Tårnagenthelg» for å gjere misjonsdimensjonen synleg.
May Lisbeth H. Aurdal (NMS) og Erika Lynn Solli (NMSU) ga eit innblikk i spanande arbeidsmetodar gjennom «Giving Tuesday» og samarbeid med You Tuberar og det noko ukjente arbeidet som NMS/NMSU er med på i Nord- Spania.
NMS inviterer til Inspirasjonsturar for kyrkjelydar som ynskjer å besøke eit misjonsland for å sjå arbeidet på nært hald. Laila Karin T. Helle som er med på å tilrettelegge desse turane, informerte og inviterte til å ta del på dei forskjellege turopplegga.
Tore Laugerud, misjonsprest i Areopagos, tok oss med på ei reise gjennom kyrkjehistoria. Der viste han først korleis kyrkja dessverre i mange hundre år misbrukte makt for å tvinga menneske til tru. Norske misjonsorganisasjonar som står i arven etter Hans Nielsen Hauge har derimot vore svært kritiske til all bruk av tvang eller uetiske lokkemiddel.
Knut Hallen, leiar i SMM, underviste vidare på dette emnet og fortalde – mellom anna mykje interessant – om det svært viktige forskingsarbeidet til Robert Woodberry.
Siste del av fagdagen fekk eit meir praktisk preg. Etter eit innlegg av Geir Sakseid, påtroppande misjonsrådgjevar i Møre, om korleis folkekyrkja kan vera misjonerande, leia kateket Olav Rønneberg ein panelsamtale om temaet. Sistnemnde har gjort eit godt arbeid med å førebu fagdagen, og leia dagen på ein engasjerande måte.