Gi en gave
Meny
Foto: Ole Trygve Foseide Last ned

Husmøte i over 30 år

Første husmøtet i Løsetlåna var i 1991 og frå 1994 har det vore husmøte kvart år, med unntak av eitt. Under koronaen var møta i menighetshuset.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Gjestar ved husmøtet i år var misjonskonsulent Jostein Solbakken frå Det Norske Misjonsselskap (NMS) og Sverre Hatle frå NMS Gjenbruk i Surnadal.

Jostein Solbakken tok oss med inn i arbeidet til NMS med særleg vekt på utlandet. Han viste video og bilde både frå Madagaskar, Egypt og frå Frankrike, for NMS driv misjonsarbeid i Europa også.

Sverre Hatle minte om at NMS har lang tradisjon i området vårt. I Todalen vart det starta misjonsforening i 1845, 3 år etter at NMS vart stifta.

Kvelden vart avslutta med at Sverre Hatle delte eigne dikt med oss med sine lune kommentarar. Han drista seg, som han sa, også til å framføre ei tekst han hadde skrive til ein folketone frå Telemark. Den hadde han skrive ned etter minnet.

Link til artikkelen i Trollheimsporten

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp