Gi en gave
Meny

Gjenbruksbutikkar med Facebookhandel

Last ned
Som vi veit, har NMS Gjenbruk sine butikkar vore stengde sidan koronautbrotet gjorde det naudsynt. Dette fører til store tap for NMS. For oss som sit i leiinga av butikkane er det ei påkjenning å sjå på dette. Etter som vekene går, tenkjer vi at kanskje går det an å få til noko. Slik at folk i alle fall skal hugsa at NMS Gjenbruk ikkje er avlyst, ikkje er nedlagt, men framleis finst!
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Både NMS Gjenbruk Knarvik og NMS Gjenbruk Sotra har selt varer på Facebook den siste tida før påske. Med positivt resultat! Nokon fann varer dei ville kjøpa og ”alle vennene” på Facebook vart minna på at butikkane framleis er å rekna med. Sjølvsagt varmar kommentarar som dette: -håpar de snart har ope! og: -saknar dykk!

På NMS Gjenbruk Sotra fann vi fram ”vårvarer”: rulleskøyter, våtdrakter, redningsvestar, gummibåtar og populære inne- og uteleiker, litt påsketing og påskelys frå Knausen. Tok bilete  og la det på Facebook, tydeleg prisa. Meldinga var: om du vil ha noko av dette, bestill pr telefon eller på Facebook, vi pakkar og du kjem og hentar på bestemt dag og tidspunkt og betaler med VIPPS. Varene vert leverte ut i døra, VIPPS-nummeret står i vindauga på døra ute. Derfor slepp ikkje kundane innom døra, og både kundar og medarbeidarar held god avstand. Vi har hatt ope for henting i to timar pr dagar, slik hindrar vi at det vert kø.

Konklusjonen er at dette er kjekt og tilfredsstillande! Og så vert det nokre kroner, alle monnar dreg! Vi held fram slik over påske, heilt til vi igjen kan opna døra og ønskja velkommen inn til ein ryddig butikk med massevis av spanande varer! Medarbeidarane gleder seg umåteleg til den dagen!

Tekst og foto: Alvhild Vassel Eide


Nyheter

Flytting snudde underskudd til overskudd i Bodø

Omsetningen til NMS Gjenbruk i Bodø var i flere år så lav at inntektene ikke klarte å betale husleia. Etter at butikken flyttet noen få hundre meter er underskudd snudd til solid overskudd.
Les mer

For billig? For dyrt?

Hvor mye skal en vare i en gjenbruksbutikk koste? Rundt om i landets mange butikker kan diskusjonen gå varmt når medarbeidere skal bestemme prisene.
Les mer

Omsetningsrekord da gjenbruksbutikken på Ski gjenåpnet

Da NMS Gjenbruk på Ski åpnet etter å ha holdt stengt i over to måneder, var det kø av kunder utenfor døra. Etter stengetid viste kasseoppgjøret at butikken hadde hatt sin beste dag noensinne.
Les mer

Gjenbruksbutikkar med Facebookhandel

Som vi veit, har NMS Gjenbruk sine butikkar vore stengde sidan koronautbrotet gjorde det naudsynt. Dette fører til store tap for NMS. For oss som sit i leiinga av butikkane er det ei påkjenning å sjå på dette. Etter som vekene går, tenkjer vi at kanskje går det an å få til noko. Slik at folk i alle fall skal hugsa at NMS Gjenbruk ikkje er avlyst, ikkje er nedlagt, men framleis finst!
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp