Gi en gave
Meny
Last ned

Fredagskafé på Avaldsnes

Tanken kom i 1998. Skulle foreningane på Avaldsnes, Karmøy prøve og ha fredagskafé i staden for basar?
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Tanke blei til handling. Ein fredag i november 1998 var ein spennande dag for arrangørane. Ville dette slå an?

Først var det lunsjrommet til taxisjåførane, så blei det et rom i banken me holdt til i. Folket kom og snart var kafeen ein møteplass.  Så etter ein del år flytta me inn på bedehuset. Ein del av huset er kontorlokal for Avaldsnes menighet. Når me nå samlast og vaffellukta strømmer gjennom huset dukker også tilsette i menigheten opp i kafeen. Arnlaug Visnes, som var ein av initiativtakarane til kafeen, fortel at dei er om lag 15 stk som deler på ansvaret for det heile.

For nokre av dei som kjem er dette blitt «klubben». Den gode samtalen flyt godt og stemningen er høg. Det er mange faste som kjem mest kvar fredag. Et viktig møtepunkt for dei som er innom men det er fortsatt god plass til fleire.

Det er alltid kjekt med nye som kjem innom. Her er alle velkomne.

Inntekta (i form av matpenger) går til NMS.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp