Fornya misjonsavtale i Stangvik
Det er lang tradisjon med med fellesgudsteneste for Surnadal og Rindal i Stangvik kyrkje på 1.pinsedag. Slik var det også i år.
Sist oppdatert 20.09.2019
Det er også tradisjon at ofringa går til misjonsprosjektet i Etiopia. No var tida moden for å fornye denne avtalen, og eg hadde gleden av å vere med på dette ved å fortelje om misjonsprosjektet i Etiopia og gje eit bilete til leiar i soknerådet, Rannveig Brøske.
Dette er berre første skritt med kyrkjelydsavtalar i Surnadal. Åsskard, Mo og Todalen er også klare for å fornye sine avtalar. Sidan det er fleire kyrkjelydar i dette distriktet som har avtalar om Etiopia satsar vi på eit stort folkemøte på Bonhuset i Stangvik måndag 2.sept kl.19. Dette er dagen etter regionstemnet i Molde og Marit Breen blir da med på dette møtet. Svein Sæter, som bur i Stangvik deltek også med eit innslag. Han har budd i Etiopia for ein kortare periode.