Gi en gave
Meny
Last ned

Fornya misjonsavtale i Mo

Søndag 3.november, allehelgensdagen, var det gudsteneste i Mo kyrkje, øverst i Surnadal. Vidar W. Rygh var prest, og håpet om ein ny himmel og ei ny jord var sentral i forkynninga denne dagen.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Sokna i Surnadal er i gang med fornying av misjonsavtalar. Alle har dei tidlegare hatt landsbyutvikling blant mao og komosfolket i Begi, Etiopia, som sitt ansvar.

No var det Mo som fekk ny avtale. Denne gongen er avtalen noko meir generell, men landet er fortsatt Etiopia.

-«Eg fekk gleda av å vere i kyrkja og fortelje kort om det arbeidet NMS er med og driv i dette landet, og samtidig få overrekke plakaten til kyrkjelyden som eit teikn på kva Mo er med på», seier Kari Sødal som er frivilleg i NMS.

Offeret gjekk denne dagen til det nye prosjektet.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp