Fornya misjonsavtalar i Giske
Tidlegare misjonær i Midtausten og no misjonsrådgjevar i Møre, Geir Sakseid deltok på begge gudsteneste. I Giske kyrkje var det ca 35 frammøtte som utgjer «fullt hus» i desse koronatider. Geir tok utgangspunkt i preiketeksten om Johannes døyparen og korleis han oppmoda tilhøyrarane sine til å «avskaffa fattigdom» og «fremja rettferd», samtidig som han peika på Jesus. Slik NMS gjer i Midtausten gjennom dei ulike prosjekta. Ein blir inspirert av å høyre at det nyttar og at nye menneske kjem til tru, forfølgde og flyktningar får hjelp, og kvinner får støtte til å reise seg etter traumatiske opplevingar som trakassering og overgrep.
Etter gudstenestene vart avtalane signert av soknerådsleiar Arnfinn Rune Giske og kyrkjelyden fekk overrekt ein innramma plakat som kan hengast opp og minne om kva dei er med på å støtte både gjennom bøn og innsamling.
Vi gler oss til vidare samarbeid med kyrkjelydane på Giske og Godøya!