Gi en gave
Meny

Førde kyrkjes misjonsgruppe 50 år 

Last ned
«Kveldsforeininga» møttest første tida i sakristiet i kyrkja, seinare i «sakralrommet» i Førdehuset.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Første møte i Førde kyrkjes misjonsgruppe var 27. oktober 1971. 12 kvinner var med.
Det var fleire NMS-foreiningar frå før i Førde og desse hadde møte på dagtid. Men nokre kvinner som var yrkesaktive og andre som var heime med småborn, ønskte seg ei «kveldsforeining».
50-års-festen var 23. oktober 2021 hos Elin og Gunnar Flatland. Gunnar helsa frå mannsgruppa for NMS i Førde. Asbjørg Styve las dikt. Asbjørg Styve og Oda Steiro har vore med i alle 50 åra. Gamle referatbøker vart studerte og Oda og Asbjørg var «historieformidlarar». Etter ein lang Corona-pause var det godt å kunne samlast att og feire jubileet.
Tekst: Kari Fossheim

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp