Gi en gave
Meny
Last ned

Flott jonsokfeiring på Kjeldsund

"For ei flott Jonsokfeiring vi hadde på Kjeldsund i år!" Allereie kl 14:00 var det komt ein del folk for å kjøpe seg middag og for å nyte det vakre området.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Folk kosa seg i gapahuken

Utover dagen var det fin og jamn flyt av folk som kom og nokre av dei brukte fleire timar på Kjeldsund i godvêret.

Gapahuken var utleigd og i Møtesalbygget vart det seld tombola, kaffi og kaker.

Middagen blei servert på borda i Hovudhuset, og vaflar med kaffi vart seld på tunet.

Kl. 19:00 informerte Jan Ove Kleppe om arbeidet og prosessane på Kjeldsund.

Spesielt framheva han den fantastiske dugnaden som har vore gjort dei siste månadane, både inne i husa, og ute på tunet.

Nytt kjøkken er levert på Møtesalbygget og det er fantastisk for ei fornying det har blitt der.

Fortsatt trengs litt hjelp og Jan Ove oppmoda handtverkarar til å hjelpe til med vindauga.

Gøy med uteleikane på Kjeldsund

Jens Terje Johnsen heldt ei flott andakt ute på tunet, der han forkynte både om evangelisten Johannes og Døyparen Johannes.

I tillegg hadde vi to fellessongar, og folket i tunet hadde ei flott stund.

Kl. 19:30 vart bålet tent, og borna kosa seg med leikeapparata, kanoar og anna.

Alt i alt,- ei særs kjekk Jonsokfeiring på Kjeldsund og det kom inn vel 75 000 kroner denne dagen!

Vi kan og nemne at i juni fekk Kjeldsund ei gåve på kr 250 000,- som dei set stor pris på!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp