Gi en gave
Nettbutikk
Meny

Fleire flotte frivillege i NMS

Foto: Pixabay Last ned
I høve «Frivillighetens år», ynskjer vi i NMS å løfte opp det å vere frivilleg i NMS som noko uendeleg viktig. Vi set stor pris på kvar einaste ein som bidreg! Vi som jobbar i NMS kjenner oss rike som får jobbe side ved side med dei frivillege! Vi set stor pris på fellesskapet, kaffekoppen, smila, oppmuntringar, gode ord og hjelpande hender. Vi som jobbar i NMS kjenner oss rike som får jobbe side ved side med dei frivillege! Vi set stor pris på fellesskapet, kaffekoppen, smila, oppmuntringar, gode ord og hjelpande hender. Her på nettsida og i regionbladet vil du framover få møte nokon av alle dei flotte frivillege i vår region! 
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Spørsmål:

1. Kva er du engasjert i, i NMS?

2. Kvifor NMS?
3. Kva er drivkrafta/motivasjonen?
4. Kvifor velgde du å vere frivilleg?
5. Har du ei oppmoding til andre som lure på om dei vil bli frivilleg i NMS?

Astrid Ulvestad Øygard

Astrid Ulvestad Øygard

1.      Eg har vore med i områdeutvalet for Nordre/Austre Sunnmøre i 6 år, og er leiar for ei misjonsforeining i Vatne/Tennfjord området. Misjonsforeininga heiter Spiren, og vi er 11 medlemmar i foreininga.

2.     NMS har alltid vore «min» misjonsorganisasjon sidan ungdomen. Kjeldsund og leirane knytte meg til NMS. Eg arbeidde eitt år som barne-og ungdomsarbeidar for NMS på Sunnmøre på slutten av 70-talet, og var 3 år i Kamerun som misjonær frå 1989-1992 (saman med familien min).

3.     Motivasjonen min er kallet eg har fått om å vere eit vitne for Jesus. Hans kjærleik ønsker eg å gi vidare, og den kjærleiken ønsker eg at alle menneske skal få ta imot. Både dei som bor her i Norge og dei som bor i andre land, må få del i bodskapen om frelsa.

4.     Det er naturleg for meg å gå inn i oppgåver der eg ser eg kan gjere noko positivt og der eg kan få bruke evnene mine. Oppgåvene har på ein måte kome til meg, og så har eg fått lov å seie ja til det eg har makta utanom jobb. Å vere med å dra lasset for ein misjonsorganisasjon som NMS, er fint, inspirerande og ein naturleg del av mitt «kall».

5.     Å gjere noko for misjonen som kan vere med å endre menneske sine liv, er ein fin ting. Det kan vi alle vere med på, på ein eller annan måte! Fellesskapet om misjon inspirerar!

Petter Dahle

Petter Dahle

1.      No er eg med i områdeutvalget for Romsdal og prøver å legge til rette for nokre lokale misjons-arrangement.

2.     Eg vaks opp med NMS; mor mi leia kvinneforeninga i Isfjorden, og far min reiste som emissær i heile min oppvekst. Som barn og ungdom var eg med på mange NMS-leirar.

3.     Det er fint å vere med i eit arbeid som trengs her lokalt – og som samtidig hjelper til med å løfte blikket utover til mange land og folkeslag. Misjon er ikkje eit påfunn eller ein aktivitet – det spring ut frå Bibelen.

4.     Eg har vore med i forskjellig frivillig misjonsarbeid opp gjennom åra. Då utfordringa kom no når arbeidspresset er mindre for meg, kjentes det naturleg å stille opp. NMS har ikkje så mange tilsette lengre, utan frivillige stoppar det opp.

5.     Det er godt å vere med i noko som er meiningsfullt! NMS hadde vel tidlegare mottoet: Komme ditt rike! Guds rike kjem, det er det største håpet vi har! Derfor er det kjekt å engasjere seg der ein trur ein kan bidra – på ein butikk eller eit kjøkken, med eit instrument eller på ein talarstol.

                                                Ole Syltebø

Ole Syltebø

1.      Jeg er aktiv i Gjenbruksbutikken i Molde og er styreleder i butikken. I tillegg deltar jeg på mannsweekend og ulike lokale arrangement, og jeg tar gjerne bilder og skriver referat til regionbladet eller NMS sin hjemmeside når det passer.

2.     NMS deler troen på Jesus, bekjemper urettferdighet og utrydder fattigdom. Dette støtter jeg fullt ut som en rettesnor og god målsetting!

3.     NMS er en organisasjon der vi sammen kan jobbe for å nå mål som er større enn oss selv, og dette gjelder både gjenbruk, foreninger og andre aktiviteter. Det er meningsfullt å bidra til å skape håp for mennesker i en vanskelig situasjon. Et av Jesu sterkeste oppfordringer til oss er å vise kjærlighet og omsorg for andre.

4.     Vi trenger å være aktiv hele livet og gjennom frivillig arbeid får vi mye igjen. Vi får en meningsfull hverdag, vi møter andre mennesker som jobber for samme mål og vi blir kjent med nye tenkemåter. Frivillig arbeid er også en mulighet for å bruke kunnskaper og erfaring i pensjonisttiden. Frivillighet er en måte å vise medmenneskelighet på i verden, vi gjør noe der vi er!

5.     Verden trenger oss alle og verden trenger aktive mennesker! Gjennom NMS kan vi engasjere oss lokalt der vi bor i en trygg sammenheng, og gjennom vår innsats for andre får vi også selv et bedre liv!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp