Er du vår nye kollega på Møre?
NMS søker for tida misjonskonsulent i ei 50% stilling i region Møre.
Er det deg?
Om stillinga:
Som misjonskonsulent i Region Møre vil du ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, engasjere og følgje opp frivillige. Du vil samarbeide tett med tilsette frå NMSU, NMS Gjenbruk og Kjeldsund leirstad for å tilretteleggje for både nye og eksisterande misjonsfellesskap. Arbeidet ditt vil bidra til å gjere misjonsarbeidet meir synleg og engasjerande i regionen, og du vil vere med på å formidle viktige misjonsbodskap til ulike målgrupper.
Arbeidsoppgåver:
- Rekruttering og oppfølging: Rekruttere, kurse og følgje opp frivillige og frivillighetsteam som ynskjer å bidra til misjonsarbeidet.
- Tilrettelegging av fellesskap: Støtte eksisterande misjonsforeiningar og leggje til rette for nye småfellesskap (misjonsforeiningar).
- Formidling: Forkynne og formidle misjonsinformasjon på ulike arenaer, og bidra til å synleggjere NMS sitt arbeid.
- Samarbeid: Jobbe tett saman med regionkoordinator, NMSU-tilsette og frivillige for å nå våre mål om eit levande og vitalt frivillighetsarbeid.
Høyres dette ut som noko for deg?
Då håpar vi du vil lesa meir om stillinga, og søke, her! (Søknadsfrist: 23. april)
Har du fleire spørsmål kan du kontakte regionkoordinator Laila Karin Tusvik Helle på e-post lailath@nms.no eller telefon 404 06 060.
Vi håpar å høyre frå nettopp deg!

Regionkoordinator Laila Karin Tusvik Helle.