Gi en gave
Meny
Foto: Laila Karin Tusvik Helle Last ned

Ein fin dag til ny inspirasjon

Første felles områdestemne for Ytre og Indre Nordmøre/Nesset i Gjemnes søndag 24. april
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Dagen starta med gudsteneste i Øre kyrkje v Sigurd Haugen og Petter Dahle, organist Gunnar Sødal. Det var to dåp, og dei fekk dåpsklutar som var laga på Fanja broderier på Madagaskar. Det vart det lagt vekt på i misjons-innslaget ved Bergfrid Lindøy. Foreninga i Torvikbukt bar inn misjonsflagg. Det var mange til nattverd.

Så var det middag til 40 personar i Torvikbukt bedehus. Sodd med loff, kaffe og heimbaka småkaker. Det var fint pynta med påskegult og kvitveis.

På årsmøtet deltok 30 personar. Dei fleste kommunane på Nordmøre var representerte.

Årsmeldingar frå regionstyret, Gjenbruk i Kristiansund og på Skei i Surnadal, og frå områdeutvalet på Nordmøre, vart lagt fram.

Valg

Kari Kristin Folden frå Tingvoll , Møyfrid Røkkum Torvik frå Surnadal, Sigurd Haugen og Rudny Ingeborgvik frå Averøy var ikkje på valg.

Anny Orten frå Aure, Knut Toven frå Nesset/Molde, Kari Sødal frå Gjemnes og Liv Anne Innerdal frå Sunndal stilte opp for ein periode til, og vart valde for 3 nye år: 2022-2025.

Misjonsmøte

Til misjonsmøtet  kom det fleire frå bygda. Vi fekk høyre Petter Dahle tale om det arvegodset vi skal ta vare på og levere vidare. Han viste fram gamalt sølv, men i dette tilfellet var arven at vi har Gud til far og Jesus til bror. Det må nye nye slekter og folkeslag få vite! Bjørn Hovde gledde oss med 4 vakre salmar av Hoem/Sommerro. Svein Lindøy tok oss med på tur til Madagaskar i ein flott og inspirerande lysbildeserie. Benedicte Fjørtoft, som er nytilsett misjonskonsulent i 50 % i Møre, vart presentert, og ho orienterte om «Sammen som kirke i hele verden» og «Walk for Living Water». Ho inviterte også til «Vår dag» i Frivillighetens år, som blir feira på Kjeldsund 27. august saman med regionstemnet. Då kan dei som har lengst veg, bestille overnatting der.

Deltakarane på områdestemnet ga uttrykk for at det hadde vore ein givande dag.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp