Gi en gave
Meny
Last ned

Egypt-misjon utan misjonærar? - «Å knele for å løfte opp!»

Å møte kristne i Egypt gjorde oss meir audmjuke. Hos Bibelselskapet i Kairo, på mediesenteret til SAT-7 som sender TV heile døgnet på fire språk, det teologiske fakultetet, fjellkyrkja på «Søppelberget».
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Og på Anafora! Retreat- og kurssenteret mellom Kairo og Aleksandria.  Viss ein er uthaldande og trufast, kan ein få til omtrent det ein vil, seier biskop Thomas.

For tjue år sidan kom han hit til ufruktbar ørken.  Med sine folk har han skapt ein oase for traumatiserte kvinner og unge gutar som treng ein ny start i livet (Second Chance).  Undertrykte menneske får bygd opp verdigheit, sjølvtillit og framtidsoptimisme for seg og sine og nasjonen. Over eit stort område har det vakse fram anlegg for jordbruk, handtverk, utdanning, kulturtiltak, fest- og gudstenestefellesskap . «Spirituality is humanity», seier biskopen.

Og menneske frå heile verda kjem for retreat, kvile og fornying. Gjestehusa er arrangerte som eit stort spørsmålsteikn. Kven som helst får kome hit med allslags tru og tvil og blir løfta opp. Ikkje med ovanfrå-og-ned-haldning. Vi må knele ned for å kunne løfte andre opp, seier biskop Thomas.

Vi er takksame for at vi hadde høve til vere med på NMS-turen til Egypt i haust i ei gruppe på tjuefem, med Åslaug Ihle Thingnæs som engasjert og velinformert reiseleiar. Vi er fulle av undring, respekt og fornya tru på at Guds rike er nær også der tradisjonell misjon ikkje er mogleg.  Gud reiser opp offensive leiarar som ser opningar for evangeliet trass i krevande politiske og kulturelle utfordringar. Det er gledeleg at vi gjennom NMS får vere med og støtte slike prosjekt.

Og kanskje har vi meir å lære om misjon av egyptiske kristne enn omvendt?

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp