Gi en gave
Meny
Last ned

Det går an å arrangere misjonsbasar i 2020!

Torsdag 1.oktober var det basar i Ålvundeid bedehus. Det kom litt færre enn vanleg, men det vart ein fin kveld, med song av Ålvundeid barnekor og andakt av Kari Sødal.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Andakt ved Kari Sødal på basaren i Ålvundeid

Fredagen og laurdagen før var det loddsalg på lokalbutikken, og der vart det brukt både vipps og pengar. Pumpekanna stod klar for spriting, og vi plasserte oss slik at avstandsregelen kunne haldast.

Opplegget for basaren vart drøfta med og godkjent av smittevernlegen. I gangen vart dei som kom, notert med namn og mobilnr, og alle sprita seg. Vi hadde målt opp 1 m mellom stolane, og det var berre 4 stolar ved kvart bord.

Vi brukar å ha åresalg i fem omgangar, med 10 kr pr åre. No selde vi nyvaska (!) årer for 50 kr då basaren åpna, og folket beheldt sine gjennom heile basaren.

I staden for matsalg ved eit bord, fekk alle servert ved bordet sitt ein asjett med loffskive, kanelsnurr og 2 vaflar med smørgraut i mellom (det høyrer med på basar her!), og det var gladpack over asjetten. Alle fekk tilbod om ein sprut frå pumpekanna før dei begynte å ete. Kaffe og saft vart og servert, så ikkje mange skulle ta i same handtaka.

Det var berre når dei skulle kjøpe lodd på basarbordet at dei trong å gå frå plassen sin. Det vart oppfordra til ikkje å lage kø der, og dei var disiplinerte.

Ved starten fekk alle tilbod om papir og blyant for å notere det dei kjøpte for, og så kunne dei betale berre ein gong med vipps eller pengar, ved slutten av basaren.

Resultatet vart 15 000 kr, og einaste utgifta var husleiga på 1000 kr.

Det krevde ein del tankearbeid å få til dette, men no kan de ta ideane og tilpasse etter lokale forhold!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp