Gi en gave
Meny
Foto: Laila Karin Tusvik Helle Last ned

DELE-dag på NMS-kontoret i Ålesund

Vi hadde planlagt Giving Tuesday-arrangement på kontoret i november, men pga. flytting arrangerer vi stor DELE-dag i stedet 8. desember!
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Erika serverer marokkansk te i lekre glas

 

NMS og NMSU i Møre inviterte til DELE-dag på dei nye kontorlokala  våre i Ålesund. Grunna koronarestriksjonar no igjen, kunne vi ikkje invitere så mange som vi ønska men vi var tilsaman 11 personar. I tillegg til staben, var våre kontorkollegaer frå Møre bispedømme, SMM, foreining og Gjenbruk presentert.

I tillegg til å DELE gløgg, julebrød, nybaka rundstykker, julekaker og mandariner, delte vi og tankar kring m.a. kyrkje- og misjonsarbeid.

Erika Lynn Solli serverte smakfull marokansk te på arabisk vis og tok oss med til Spania og Barcelona der ho presenterte arbeidet NMS støtter gjennom organisasjonen Puente som driv eit arbeid mellom nordafrikanske innvandrarar i Barcelona. I dag fins det to ulike senter som jobbar med integrering av innvandrarar. Gjennom m.a. kurs, terapigrupper, språkopplæring, leksehjelp, fritidsaktivitetar og idrett jobbar sentera for at nord-afrikanske innvandrarar skal kome inn i ein ny kvardag i Spania.

Ein hyggeleg og innhaldsrik lunsj saman med gode kollegaer og medarbeidarar!

Dette vil vi ha meir av!

 

 

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp