Meny

Regionstyreleder; Birger Foseide sitt brev til misjonvenner i Trøndelag

Foto: Privat Last ned
I ei tid da alt er rart, sender Birger Foseide noen tanker til folk i regionen. Vi skulle helst møtt hverandre på ulike arrangement nå utover våren, men samtlige møtepunkt er dessverre utsatt/ avlyst. Birger ønsker at vi tross alt det rare kan stå sammen om engasjement for den levende kirke vi er en del av, gjennom tilknytning til Det Norske Misjonsselskap.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Kjære misjonsvenner i Trøndelag!

Det er tøft å vere menneske i desse dagane. Det er liksom ingenting som er på stell i kvardagen vår. Det er lite folk å sjå ute. Mange jobbar heimafrå, men mange har også vorte permitterte frå jobbane sine med alt det fører med seg. Vi skal ikkje besøke kvarandre. Alle tilstellingar som samlar mange folk er avlyste. Det rammar kyrkjelivet og misjonsorganisasjonane også. Gudstenester er avlyste. Misjonsmøte ,leirar og  basarar likeins. Dette fører nok også til permisjonar for tilsette i organisasjonen vår også. Arbeidet stoppar opp, og pengane kjem ikkje inn. Misjonsmøte med kollekt og gudstenester med takkoffer er det slutt med. Men ikkje alt arbeidet ute i samarbeidskyrkjene våre har  stoppa opp. Prosjekt som er sett i gang, skal fullførast. Og våre samarbeidspartnarar ventar på overføringar frå NMS.

Det er vondt ikkje å få samlast. Det hadde vore til kraft og styrke å kunne få samlast når vi har ein trussel over oss. Slik er det ikkje no. No må vi rette  oss etter det som styresmaktene har bestemt og gjere det vi kan for å hjelpe oss sjølve og kvarandre.

Men vi gir ikkje opp!  ”Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.”  (2.Tim.1.7)Om vi ikkje kan møte kvarandre fysisk, så kan vi vere saman i bønn til den same Gud, vår Far i himmelen. Vi kan også snakke med kvarandre i telefon og  oppmuntre kvarandre på anna vis.

Gjenbruksbutikkane til NMS i heile landet er stengt. På Mjuklia blir arrangement avbestilt. Produksjon og salg av Knausen-lys har stoppa opp. Berre stenginga av gjenbruksbutikkane påfører NMS eit tap på 1,2 millionar kroner kvar veke! Dette er dramatisk! Utgiftene er dei same. Når pengane ikkje kjem inn, så stoppar mykje av det viktige arbeidet som NMS driv i mange samarbeidskyrkjer opp. Men pengane finst jo. Dei finst kanskje til og med i vår eiga lommebok eller bankkonto .Ja, kanskje pengane veks der fordi vi reiser mindre, handlar mindre og bruker mindre pengar på arrangement som kostar. No blir vi utfordra til å sende inn det vi hadde tenkt å gi på misjonsmøtet eller misjonsbasaren eller på gudstenesta. Og du som hadde tenkt deg på generalforsamlinga og sommarfesten i Ålesund, som no er avlyst, kanskje du kan gi til misjonen noko av det som Ålesundsturen hadde komme til å koste deg!

Når aktivitetane i organisasjonen vår kan starte opp att er det  viktig å få vite kva grunnlag ein har får vidare drift. Derfor bør vi arbeide for å få fleire til å melde seg inn i NMS som medlemmer, og få folk til å melde seg på som faste givarar med ein fast sum kvar månad.

Sprei budskapet! Send denne eposten til alle misjonsvenner du har på adresselista di!

Misjonsvennleg  helsing frå

Birger Foseide , mars 2020.

Leiar i regionstyret for NMS i Trøndelag.

 

Her kan du klikke deg rett inn til bønnesiden og til siden der du registrer deg som medlem i NMS.

La oss be sammen

Bli enkeltmedlem

Om du heller vil snakke med noen, er Ingeborg Meslo Ulvin tilbake i jobb og kan nåes på telefon: 40406085

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp