Gi en gave
Meny
Foto: Marit Mjølsneset Last ned

Blir sett på som gjenstandar, ikkje menneske

Minoritetsgrupper i Etiopia ber på ein mørk arv. "Framleis ein lang veg å gå".
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det seier seniorrådgjevar i NMS, Klaus-Christian Küspert. Han har vore NMS-utsending i Etiopia i fleire år, og har jobba mykje inn mot minoritetar.

– Me jobbar mot dagen der alle har dei same sjansane i Etiopia, uavhengig av etnisitet. Det er framleis ein lang veg å gå. Etiopia er eit samfunn prega av store forskjellar, og ein av tinga som spelar inn, er kva folkegruppe du høyrer til, seier Küspert.

NMS har arbeid blant fleire minoritetsgrupper i Vest-Etiopia, mellom anna mao, Küspert fortel at maoar i generasjonar har jobba som tenarar eller slavar.
– Menneske har blitt reve vekk frå familie, ættelinje og alt dei kjenner til. Maoane har av mange blitt sett på som gjenstandar som ein kan eige og bytte, og har blitt frårøva menneskeverdet.

Også i dag er minoritetsgruppene NMS jobbar blant lengst nede både på den sosiale og økonomiske rangstigen i det etiopiske samfunnet. Med dette bakteppet er arbeidet med å gjera folk stolte av eigen kultur og bakgrunn viktig. Küspert er lingvist, og dette har kome godt med, då språkarbeid har vist seg å vera sentralt. Manglande tilgang til utdanning for minoritetar er nemleg ein viktig grunn til att ulikskapen mellom folkegruppene består.

– Heile utdanningssystemet er basert på bruk av skriftleg språk, og viss ein ikkje har eit skriftspråk eller skulane nyttar framande språk er det klart at det gjev eit ulikt utgangspunkt.
Så NMS står framleis i oppgåva som dei på slutten av 60-talet blei kalla til, nemleg å koma til Etiopia for å jobbe «hvor nøden er størst og hvor evangeliet er ukjent».

Minoritetsarbeidet i Etiopia:

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp