Gi en gave
Meny
Last ned

Auke i misjonsinntektene i Møre

- Det er ofte kjekt å studere gåveinntektene i NMS. I år er det ekstra spanande, seier Arne Drøpping, regionstyreleiar i NMS Region Møre. - I ei tid med med mange avlyste arrangement er det naturleg at inntektene går ned.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Vi opplever no noko så utruleg som at det er auke i alle dei fem områda i NMS Region Møre samanlikna med 2019 ved utgangen av september.

Tala for dei fem områda er slik:

Indre Normøre auke frå 228 000 til 232 000

Ytre Nordmøre auke frå 162 000 til 173 000

Romsdal auke frå 720 000 til 723 000

Nordre Austre Sunnmøre auke frå 1.157 000 til 1.167 000

Søre Sunnmøre auke frå 1.012 000 til 1.084 000

Mange NMS-vener tenkjer nok at dei normalt ville brukt så eller så mykje pengar på kollekt; og så legg dei på litt ekstra og gir på giro i staden.

Fortsett gjerne med det!

Vi veit at det normalt kjem store inntekter på slutten av året frå julemesser og andre arrangement.

Kva vi klarer ved slutten av året veit vi ikkje enda.

Men som regionstyreleiar føler eg trong til å uttrykke ei stor takk til alle som har vore med på dette.

 

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp