Gi en gave
Meny
Foto: Vetle Karlsen Eide Last ned

Asbjørn Gjengedal heidra med Johan Nordahl Brun-prisen

21. juni vart ein merkedag i Vereide kyrkje i Gloppen. Det heile bygda visste, var at biskop Halvor Nordhaug var der for å vigsla ny diakon. Langt færre var kjende med at biskopen hadde med seg Johan Nordahl Brun-prisen i bagasjen.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Prisnemnda hadde nemleg avgjort at denne i år skulle gå til Asbjørn Gjengedal. Tildelinga fall i svært god jord hjå dei som var til stades. Dei tykte det både var fortent og stor stas. Prisvinnaren var nok den som vart mest overraska. Men gleda og takksemda han viste, var stor og ekte.

Under tilstellinga las sokneprest Vidar Bjotveit opp helsing frå NMS Region Bjørgvin. Prisen var nemleg for ein stor del grunngjeven med Gjengedal sitt store og langvarige engasjement i NMS. Biskopen la vekt på innsatsen hans i NMS Sogn og Fjordane, i regionstyre, på landsbasis og som aktiv inspirator for misjonsforeiningane i Gloppen. Då tanken om gjenbruksbutikk i Nordfjord kom opp, var han også der ei drivande kraft. Biskopen gav vidare ros for gode talegåver, samarbeidsevner, organisasjonstalent og evne og vilje til fysisk arbeidsinnsats. Prisen gjekk så avgjort til ein kyrkje- og samfunnsbyggjar i god Nordahl Brun-ånd.

Regionleiinga frydar seg over og saman med Asbjørn Gjengedal. Det er godt at me har slike eldsjeler og gode krefter i våre rekker. Me seier det ein gong til: Varmt til lukke med prisen, Asbjørn!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp